logofinngulf.png
 Innlogging for medlemmer blank.gif
Språk
Velg språk:


Hovedmeny
· Hjem

Moduler
· Fotoalbum
· Medlemsliste
· Dagbok
· Søk
· Fakta

Pålogga
Vi har 3 gjester og 0 medlemmer online

Velkommen gjest, bli bruker i dag.



* Modellkarriere, Blues & Roots festival og båtpuss
Sendt Jun 02, 2006 - 03:06 AM
Skrivervennlig side Skriv ut artikkelen  Send denne artikkelen til en venn. Send denne til en venn
Generelt Da gjekk nokre dagar etter at Therese var reist heim, før eg fekk arbeidsånden over meg. Men den kom sigande. Korleis gjekk da med modellkarriera til Yngve. Kom han seg opp etter bursdagsfeiringa? Etter over eit år saman med oss, mønstra Hilde av og reiste heim til A-4 livet igjen. I Påska var vi på ein av dei største festivalane i Australia, før La Familia blei fylt opp igjen med mat og drikke for nye eventyr.

Etter å ha farta rundt på landevegen i Australia i nokre veker, var da på tide å begynne med klargjøring av båten. Riggare, seglmakere, mekanikare og lignende, vart kontakta for innhenting av tilbud på diverse jobbar.
Dessutan måtte visumet utvidas. Eg reiste til Brisbane med ferdig utfylt skjema om utvida visum. Men dette skulle ikkje være så enkelt. Eg hadde vore i nokre ”skumle” land i Sør-Amerika og dei måtte ha skjermbilde av lungene. Så var da for meg å kontakte eit sjukehus og bestille time. Fekk tildelt time hos eit sjukehus i veka etter. Veka etter var eg på sjukehuset, men for å få tatt skjermbilde må ein ha med seg passbilde. Etter å ha funnet ein plass der eg kunne få tatt passbilde, gjekk eg tilbake til sjukehuset. Skjermbilde vart tatt og resultatet ville bli sendt til eit kontor i byen ei veke seinare. Neste veke var da av gårde igjen og eg fekk henta resultatet og bilda etter å ha betalt $60 AUS (300NOK). Konvolutten måtte ikkje åpnast før den vart levert hos immigrasjonskontoret. Dette gjorde eg heller ikkje. Etter at immigrasjonskontoret hadde gått igjennom resultatet frå sjukehuset og bankutskrift frå banken min, fekk eg nytt visum for 6 nye månader. HURRA! (For dette måtte eg betale $200AUS som er ca 1000NOK)
Sidan eg no var godkjent med nye 6 månader i Australia, må båten òg få lov å være her. Då bar da til tollkontoret og så fekk La Familia også nye papirer. Men dei på tollkontoret likte dårleg passet mitt. Det var begynt å gå i oppløysing etter mindre enn 3år. Eg tok turen til Det Norske Konsulatet i Brisbane og fekk bestilt meg nytt pass. Dette skulle eg sleppe å betale for. Eg fekk meg nytt pass like før vi forlot Manly.

Kva vart gjort med La Familia?
Styring: Da hadde vore noko ulyd i styresystemet den seinare tida i stillehavet, og dette skulle eg finne ut av. Kontakta leverandøren i England og saman med ein annan langturseglar gjorde vi som vi vart anbefalt. Tok vekk ein plast pakning så tannhjula kom bedre i inngrep.
Riggen: Scot Keo, vant tilbudsrunden. Like før båten vart løfta på land, vart masta løfta av… Då båten kom i sjøen igjen, vart masta installert igjen, med blant anna nye vant (wirer) og nye trinn. Så no kan vi klatre halvvegs opp i masta utan å bli vinsja opp.
Segl: Etter at spinnakeren rakna på veg over Atlanteren for over 2 år sidan, har vi ikkje hatt lettvinds segl. No bestemte vi oss for å bestille genaker. Så no har vi fått ein fin genaker i Norges nasjonalfargar. I tillegg kasta vi den gamle genoaen, (forseglet). Den hadde mista fasongen og var meir lik eit skjørt. Vi fekk Andrew hos Ultimate sail til å lage ein ny litt mindre genoa, så vi kan segle bra opp mot vinden (på kryss). Andrew og Scot var med ut på ein segltur for å sjekke riggen og dei nye segla. Da var eit flott syn der La Familia kom seglande inn til Manly med den nye genakaren.
To nye forbruksbatterier vart kjøpt. Dei to som vart bytta ut hadde holdt sidan Mallorca.
Volvoen fekk service og nye slangar til varmtvannstanken. Vi hadde ein liten lekkasje i akslingsgjennomføringa, så nye pakningar etc. vart installert.

Innvendig var da på tide med ei lita oppussing. I den tida då Therese var heime, var da mykje regn i Manly. Eg bestemte meg då for å begynne på innearbeid. Heile badet, pluss deler av kjøkken, forpigg, inngangsparti og dørk, vart pussa ned og påsmurt 4-6 strøk med lakk.
Vanntankane var grundig vaska og nytt filter vart installert.

Når båten var på land vart den vaska, påsmurt ny bunnsmørning, ny sjølinje og da kvite vart polert. Redningsflåten vart levert inn for sjekk og sertifisering. Før den vart pakka ned igjen, var vi på inspeksjon og fekk oppfriskning i bruken av den.

Vi hadde jo tatt dykkarsertifikat, og no ville vi ha utstyr. Hos ein dykkarbutikk i Brisbane fekk vi kjøpt brukt utstyr og fire nye luft-tankar. Så no er vi klare til nye dykkeeventyr.

Bursdagsfeiring: Hilde var komen tilbake til Manly etter å ha vore på ryggsekktur i New Zealand og Australia. 16.mars flytta ho inn igjen i La Familia for å ta avskjed med oss for denne omgang. Grytidleg 17.mars var eg på flyplassen og tok imot ei nedlessa Therese. Ho var nok glad for å være tilbake i varmen, etter å ha pådratt seg ein kraftig influensa.
Da vart ei roleg bursdagsfeiring for Yngve, for dagen etter var da den store modelldagen. Therese hadde med seg godsaker heimanifrå og jammen var da ikkje pakkar med og. Hilde laga god kake.

Modellkarriere: Første dag vi ankom Manly i november var eg hos frisøren for ein klypp. Hadde fått beskjed av Therese at eg kunne ikkje reise heim slik eg såg ut på håret. ”Meg og Hilde er vant å sjå deg slik, men tenk på dei heime.” Hos frisøren fekk eg spørsmål om eg kunne tenke meg å være modell for dei ein dag i mars. Dette sa eg ja til og tenkte at det var no bare å klyppe seg gratis igjen i mars og å ta nokre bilder så var da gjort. Eg høyrde ikkje noko igjen ifrå dei og då eg kom tilbake igjen til Manly i februar, var eg innom og spurte om da vart noko av dette. Jo da, vi begynner øvingane neste sundag. Øvingar?, spurte eg. ”Ja, det skal være ca 20 modellar som skal opptre til ulik musikk for 100-150 inviterte gjester. Øvingane begynner neste sundag. Kan du stille?” Ops! Kva er da eg har sagt ja til?

Tidleg sundag 19.mars var eg på plass hos frisøren. Eg er glad eg ikkje er jente, for nokre av dei hadde vore under saksa sidan klokka 6 om morgonen. Antrekket var sjekka og da passa. Meg og ein annan fekk i oppdrag og sette opp dei små scenene. Da var ikkje så mykje som var gjort på forhånd men vi fekk da ferdig. Therese og Hilde ankom litt seinare og fekk i oppdrag å servere gjestane kanapeer og drikke. Showet skulle representere ulike tidsepoker, så det var mange artige klesantrekk og hårfrisyrer. Eg og to av jentene skulle være siste gruppe ut. Vi skulle representere 50 tallet. Eg skulle være anstand for jentene. Da var kjekt å være med på dette og eg var veldig fornøgd med jentene mine også, Nina og Sara.

Hilde flytter ut: No var da ikkje mange dagar igjen før Hilde skulle reise heim. Ho har bursdag ikkje mange dagar etter meg, 24. mars. Då var vi på ein fin restaurant saman med Lillian og Terje frå Norge. Dagen etter reiste eg og Hilde til Australia Zoo. Dyreparken til krokodille mannen, Steve Irwin. Vi fekk ikkje sjå Steve, men vi var heldige med været og fekk blant anna sjå krokodilleshow, flotte tigrer, slangar og ikkje minst; eg fekk endeleg gleda av å holde ein koala.
29.mars er Therese og eg med Hilde til flyplassen. Vi hadde leid oss bil, og var spent på om vi ville finne vegen til flyplassen. Da var no litt rart at ho skulle reise ifrå oss. Etter eit år og fire månader på reise, skal ho heim. Dei siste dagane har ho pakka, kopiert bilder og hamstra suvenirar. Ho kjem kanskje tilbake i La Familia seinare.
Tusen takk Hilde for ei fin tid saman med oss.

Like etter at La Familia kom på sjøen igjen, pakka vi sekkane og sette oss i bilen. Vi skal på køyretur. Første stopp var i Australias hippiby, Nimbin. Da heile starta i 1973 da ”Australia Union of student” arrangerte ein eksperimental ”Aquarius Festival” i dalen Nimbin. Ein kulturfestival uti ødemarka kan ein vel sei at da var. Dette arrangementet vart ein kjempesuksess og folk begynt å slå seg ned i denne dalen. I dag bur da rundt 1300 personer her og betrakta seg sjølve som hippiar. Dagen vi var dar, var da mange politifolk i byen, men til vanleg kan ein få kjøpt både hasjkaker, og andre sterke tobakksvarer i byen. Museumet var ein artig opplevelse. Dar kunne vi sjå kva ting dei første hippiane hadde med seg og kunsten dei laga (sikkert i sterk rus).

Om ettermiddagen køyrde vi vidare til Byron Bay. Her skulle vi på Blues & Roots festival i fem dagar til ende. Da var vanskeleg å finne seg ein billeg overnatting så vi fant oss ei sidegate i byen og sov i bilen, (det gjorde vi også i Nimbin).
Peter frå Danmark som Therese og Hilde ble kjent med i New Zealand, budde no her i byen og inviterte oss på hans 30-bursdagsfeiring. Vi fekk mange gode kaker og is. Nam, nam. Vi flytta bilen til ein rasteplass nedanfor fyrtårnet. Dette fyrtårnet er på Australias austlegaste fastlandsstad. Rasteplassen låg like oppanfrå badestranda og her var da bord og benk, og do og dusj. Mange surfarar var oppom her kvar dag for å sjekke bølgene. Vi var i sjøen og tok morgonbadet, så vi var godt fornøgd med overnattingsplassen. Midt på natta vart vi vekte av eit sterkt lys inn i bilen og nokon som banka på. I rein Hollywood stil, stod ein uniformert politimann utanfor med ei stor og sterk lykt. Vi fekk beskjed om at da var strengt forbudt å overnatte her og at vi måtte køyre ein annan plass. Therese spurte fint om vi ikkje kunne vente til morgonen sidan vi hadde drukket nokre øl kvelden i forkant. Etter litt om og men var da greit og vi slapp å få bot. Men dersom vi blir oppdaga ein gong til så er da inga bønn. Vi var ikkje dei einaste som overnatta i bilen her, og alle fekk same beskjed.
Morgonen etter flytta vi bilen og var heldige og fant oss ein fin campingplass nesten inne i byen. Her slo vi opp teltet, og her var symjebasseng, varme dusjar og gass-grillar. Luksus for oss med andre ord. Til frukost hadde vi speilegg, pølser og tofu kvar dag. På slutten var nok Therese ganske lei kjøttpølser til frukost.
Eine natta var da eit kraftig regnvær, men teltet holdt ganske tett (i forhold til mange av dei andre som tørka soveposar i tørketrommelen dagen etter). Den små bekken som var nedanfor teltet, kom stadig høgare så Therese flytta teltet lenger opp.
På festivalen var da musikk frå 4 scener, ifrå klokka 12 om dagen til klokka 12 om natta. Å få med seg alt var altså umuleg, så da var bare å velge ut artistar og å gå mellom scenene. Favorittane våre var; Amadou & Mariam (to blinde negre frå Frankrike), Bob Geldof, DobaCaracol frå Canada, Bernard Fanning, Hilltop Hoods, Sigur Ròs frå Island, Los Lobos som er kjent med sangen La Bamba, Damian Marley (sønn av Bob), eMDee (lokal didgeridoo musikk) og Backsliders. Når vi skulle ta bussen heim om kvelden oppdaga vi raskt at dei har ikkje så veldig god køkultur her i Australia. Og etter dei første dagane gjorde vi da same og brydde oss lite om køane.
Fem dagar med festival holder og da var på tide å kome seg tilbake til La Familia, med Therese som sjåfør. Dette var første gangen ho sat bak rattet på feil side. Ho øvde litt ein kveld før vi reiste frå Manly, men no køyrde ho heile den lange vegen tilbake på venstre side av vegen.

Då vi kom tilbake gjorde vi unna resten av handlinga før bilen vart levert tilbake.

Da var på tide å gjere alt klart for avreise. Ved betaling på marinakontoret vart Yngve kraftig irritert. Trur de ikkje at vi måtte betale dobbel leige då båten var på land! Dette er uhørt! Da hjalp ikkje å klage.

19. april mønstra Ronny om bord. Før vi reiste rakk vi å vise Ronny rundt i Brisbane og i området rundt Manly. Fekk sett Istid 2 på engelsk, og no gler vi oss til å få DVD med norske stemmer.

Helsing
La Familia (Skrevet av Yngve)

PS: U2 konserten som vi hadde billettar til, vart utsatt på ubestemt tid. Vi som hadde gleda oss så mykje. Terje og Lillian overtok billettane og var veldig glade for det.
 
Login
 Brukernavn
 Passord
 Husk meg


 Problemer med innlogging?
 Ny bruker? Registrer deg!

Login
 Brukernavn
 Passord
 Husk meg


 Problemer med innlogging?
 Ny bruker? Registrer deg!

Lignende

Hjem :: Bidra med nyheter