logofinngulf.png
 Innlogging for medlemmer blank.gif
Språk
Velg språk:


Hovedmeny
· Hjem

Moduler
· Fotoalbum
· Medlemsliste
· Dagbok
· Søk
· Fakta

Pålogga
Vi har 4 gjester og 0 medlemmer online

Velkommen gjest, bli bruker i dag.



* Madagaskar – Eit av høgdepunkta på turen vår
Sendt Jan 09, 2007 - 09:07 AM
Skrivervennlig side Skriv ut artikkelen  Send denne artikkelen til en venn. Send denne til en venn
Generelt Skrevet av Yngve

Jammen var da godt å være framme på Madagaskar. Her har vi boltra oss med hummar, fisk, frukt, grønsaker og EGG. Då vi låg anket, kom dei lokale padlande over til oss med matvarer og suvenirar som vi bytta til oss ved å gi dei diverse kler, og ting som vi ikkje brukar. Ein dag holdt vi på segle rett på ein stor kval!


Vi fekk oss ei god natt søvn etter ankomst Madagaskar, men vinden ulte fortsatt og vi kom oss ikkje til land med Dingeling. Så vi bestemte oss alle tre båtane for å segle vidare. Det var ein draumedags segling nedover kysten utan bølger. Vi kom oss sist avgårde, og i liten kuling fossa vi fremover. Vi såg kval og skjelpadder og jammen var da ikkje ein stor sverdfisk som beit av sluken vår, (Den sluken som Terje fiska Tine med, i Australia). Ved ankomst øya Nosy Hara hadde vi passert både Petrell og Eagle Wing.

Her var det mykje stillare og vi fekk oss endelig eit forfriskande bad. Dingeling vart pumpa opp og da var tid for å komme seg på land og strekke på kroppane. Da er jo ikkje så veldig mykje fysisk aktivitet om bord på ein båt, så da gjorde godt med ein fjelltur og stranddansing. Her fekk vi også vårt første møte med baobab treea. Det finst fire typar baobab tre, og tre av desse finst kun på Madagaskar.

Då vi var på Chagos begynte vi å gå tom for frukt, grønsaker og egg. Men ved bruk av bakepulver i staden for egg laga vi gode pannekaker. Likevel sakna vi ferske varer og gleda var stor da nokre lokale folk kom padlande over til oss i gamaldagse utriggarkanoer med ferske varer, like etter annkomst til Anranoaomba Bay. Vi hadde samla kler og ting som vi ikkje brukar opp i ein stor sekk til å gi vekk. Vi hadde jo ikkje lokale pengar, men dei vart fornøgde med nokre T-sjorter og hattar for nokre egg og frukt og 5 hummarar. Nokon ville absolutt ha vekeblad, så vi gav dei nokre norske Donald Duck og Se og hør. Sjølv om vi ikkje snakka fransk eller malagsj, hadde vi da kjekt med lokalt besøk.

Dagen etter var da opp med anker igjen. Vinden hadde auka på og dei to andre båtane i front rappoterte om sterkt vind. I sterkt kuling på skarp slør segla vi avgårde og det var da det nesten skjedde! Eg var inne og laga mat, Sally låg å sov, då Therese ropte til meg: ”Hva er det for noe dritt som er der?” Eg kom meg ut og fekk sjå ”driten”, og Therese fekk styrt båten unna. Ein stor brun kval låg heilt stille i overflata der vi passerte bare eit par meter unna. Høyrde han ikkje La Familia komme?
Like etter var vi framme på øya Nosy Mitsio og vi ankra like utanfor ei lang vakker sandstrand. Her fekk vi også besøk av lokale som ga oss fisk og hummar i bytte mot kler og småting. Fisken vi fekk hadde vi ikkje sett før men ”hot-lips” smakte godt. På land tok vi turen innom ein liten landsby. Sally hadde vore og helst på dei i forkant, så ho var ”kjentmannnen” vår. Språket var vanskeleg men Sally var veldig ivrig å lære, og da var mykje latter. Vi hadde med oss nokre små presanger som dei fekk og vart veldig glade. Ei av damene som fekk ein Sogndal caps og tok seg ein liten dans som takk.

Etter Nosy Mitsio satte vi kursen mot turist øya Nosy Be. Sally hadde hatt seg ein kvil framme på dekk da ho kom bak i cockpit og spurte meg kva slags sluk vi fiska med i dag. Eg som var langt inne i handlinga av ei bok, sa at da var ein blå blekksprut. ”Er den stor?”, spurte Sally. ”Nei ganske liten”, sa eg. Om litt snudde eg meg og såg bak, og jammen var da ikkje ein fisk på kroken. Fisken, ein fin barrakuda, var lett å trekke inn. Den må nok ha hengt på kroken ei stund for disse skal vanlegvis gje noko meir motstand. Av fisken laga Therese kjempegode fiskekaker som vi hadde til middag når vi hadde ankra ved Nosy Sakatia.

Vel ei veke etter at vi hadde runda Cap Ambrè, kom vi til byen Hell-ville på øya Nosy Be 2. oktober. Vi hadde lest og høyrt at innsjekkinga her var problematisk tidlegare. Vi var 5 båtar som sjekka inn nokolunde samtidig og etter besøk hos 5 forskjellige kontor var alt i orden og ingen korrupsjon. Godt fornøgd med innsjekkingsjobben, vart da eit etterlengta og langt besøk på pub og restaurant.

I to dagar meska vi oss med god mat på kafè, og ikkje minst hadde vi endeleg angang til internett igjen. Då vi hadde fått unnagjort litt handling og dieselfylling ville vi vekk frå byen. Minst èin frå kvar av dei 5 båtane hadde fått magetrøbbel, diarè, som vi døpte ”Hell-belly”. Hos oss var da Therese som vart hardast ramma. Neste stopp var bare 4 Nm unna men her var vi nesten åleine igjen og med klart badevatn. Her var det ei lita elv som inneholdt godt drikkevatn. Dingeling vart fylt opp med tomme kanner og det vart ein del turar for å fylle opp vanntankane på La Familia som var tomme.

Therese tykte det var så fint her at ho pakka campingutstyret og ville overnatte i telt. Morgonen etter, hadde vi alle tre ein god frukost ved Therese sin campingplass. Ho likte seg så godt her at ho ville være ein natt til. Eg og Sally segla utan Therese over til Nosy Komba for å sjå lemurar. Dei spesielle dyra som kun finst på Madagaskar. Sally styrte La Familia inn på ankingsplassen og tok ankertesten. Dette var første gangen Sally hadde stryrt La Familia inn mellom andre båtar og stått ved roret under ankring. Ho strålte av glede, for dette hadde ho hatt lyst til lenge.

På Komba møtte vi lemurane for første gang. Desse artige dyra finst bare på Madagaskar og dei var svært ivrige etter ta bananene ut av hendene på oss. I landsbyen her vart eg kjent med 12 år gamle Romeo. Han kom padlande ut til båten og fekk tomflasker og glass pluss litt kler og småting, og vi fekk små gaver igjen. Han viste oss rundt i landsbyen, og mora hans laga kjempegode karameller med nøtter. Gleda til Romeo var stor da han fekk komme om bord i La Familia. Det var første gangen han hadde vore om bord i ein slik båt, og han lage flotte tegningar som vi fekk av han.
Eg og Sally likte oss så godt her at vi ville være her lenger, men kva skal vi gjere med Therese? Vi hadde avtale med å plukke ho opp med La Familia, men vi vil jo ikkje reise herfrå. Viden var liten, så eg tok Dingeling og Paco, og køyrde over til Therese. Ho sat i hengekøya og kosa seg med morgonkaffien. Teltet vart pakka og vi kjøyrde tilbake til båten.

Tida var nå dessverre inne for at Sally måtte forlate oss. Vi hadde ein god avskjedsmiddag og fekk oppleve lokal disko på Nosy Komba. Dagen etter segla vi igjen inn til Hell-ville. 9.oktober flytta Sally ut av La Familia. Det har vore kjempekjekt å ha ho med oss, kanskje møstrar ho på seinare? No skal ho til England å besøke mor si og å jobbe litt før ho reiser tilbake i fast jobb i New Zealand. Dei første dagane av turen fekk Sally følgje av Therese og Marit.

Eit eige innlegg er skrevet og bilder legges ut om jenteturen.

Så var eg og Frode åleineseglarar med kvar våre båtar. Det var litt rart men det skulle nok gå bra. Første etappen gjekk tilbake til vannhullet. Dar låg våre engelsk/nederlandske venner med båten Stella Maris. Corina og Gjelt inviterte oss over på ein ”Sundowner”, og jammen fekk vi ikkje ein god middag spandert også.
Om natta var da litt meir vind enn vanleg og Petrell sin kjetting hadde sett seg fast rundt ein stor stein. Etter ei natt med mykje rulling og med lite søvn, bestemte eg og Frode oss for å segle vidare.

Da var vindstille så det var Volvoen som tok oss dei 20Nm til Nosy Mamoko. Her låg også Eagle Wing. Vi fekk bytta til oss frukt, grønnsaker, fisk, hummar (7stk) og akkar, og saman laga vi kjempemiddager. Eg ga vekk litt kler og småting, inkludert ein BH etter Therese. Luke var om bord og fekk GPS’en til å fungere på PC’en. Så no får vi opp posisjonen der vi er på kartet på PC’en.

Fredag 13. oktober motorsegla vi alle tre båtane 15Nm til Nosy Kisimani. Her og kom lokale folk padlande ut til oss. Om kvelden fekk vi beskjed at jentene var på veg tilbake til. Så dagen etter segla eg tilbake til Hell-ville, 20Nm, og Therese var tilbake i båten igjen. Da var no litt kjekt å være åleineseglar òg, men ikkje noko for meg for segling over fleire dagar.

Utsjekkinga av Madagskar gjekk greit, og etter å ha bunkra med mat, god lokal sjokolade og drikke, forlot vi byen Hell-ville for siste gang. Vi ville dagsegle nedover kysten foør vi kryssa Mosambikk kanalen. Før det hadde vi tatt med oss ein del tomflasker til byen og fått dei fylt opp med lokal rom på godt over 50%, både brun og blank. Spriten kosta 8 kroner for literen.

No hadde vi veldig lyst å bade og snorkle igjen, så vi stoppa på den små øya Tany Kely. Her var da klart og fint i sjøen, og kjekt å snorkle med mykje fisk og koraler igjen. Saman med Cisnecito, gjekk vi opp til fyrtårnet, frå 1908, og plukka med oss mange mangoer. På tilbake turen såg vi store ”flying fox” flaggermus hengande i trea.

Neste stopp var Russian Bay. Navnet er etter at eit russisk skip som i 1905, i den russisk – japanske krigen, gøymde seg her. Mannskapet, frå Ural i Sovjet, tykte da var så fint her og likte alle dei fine Madagaskar jentene, at dei ville ikkje heim igjen. Det var like før det vart mytteri, men offiserane var av same oppfatninga og dei vart verande dar. Mange av mannskapet fekk malaria og andre alvorlige sjukdommar, men dei som overlevde slo seg ned her. Dei bygde ein stor sovesal, typisk frå Ural, som ein i dag kan sjå ruinane av. Dei levde av fisking og av at dei bytta til seg varer og gav deler av skipet som bytte. Russarane vart aldri akseptert av Malagassarane, og dei var for da meste for seg sjølve rundt internatet (sovesalen). Den siste av mannskapet døde i 1936.

Vi var på land og helsa på dei lokale, men neste dag segla vi vidare til Nosy Iranja (skjelpadde øya). Øya er kjent for at skjelpaddene legger egg her. Vi trudde at no var da tida da ungane kom ut av egget og vandre til sjøen, men vi kunne ikkje sjå nokon skjelpadde. Cisnecito hadde tatt fram vannbrettet, og mange ville prøve. Eg var litt treig i avtrekkaren, så da var Therese som fekk prøve seg. Da var ikkje lett å komme seg opp og til slutt måtte ho gi tapt. Betre lykke neste gang.
Vi hadde ankra på 4m dybde med sandbunn, men om kvelden var da fjære og 2,8m djupt. La Familia stikker 2,5m djupt, så dette vart litt for spennade for å ligge lenge.

Neste morgon satte vi segl igjen og nokre timar seinare satt ankeret godt ved Nosy Kalakajoro. Her fekk vi noko å bryne oss på. Ein lokal fiskar kom ut til oss med ein stor akkar. Korleis skal vi gjere dette? Eg tykte vi måtte prøve. Den som Emma på Eagle Wing laga var jo kjempegod. Fiskaren fekk fiskeline og T-sjorte og var fornøgd, og sløgde akkaren. Therese gjorde seg klar til innsats, og jammen fekk ho da til. Da sprute mykje olje frå panna og ho fekk på seg forkle og handskar. Petrell vart invitert over og middagen smake fortreffeleg. Øya her var fantastisk og menneska her var veldig hyggelege. Eg fekk være med på padletur i ein av uteligger kanoane, og vi gav bort eit par svømmeføtter. Til nokre ungar gav vi litt kler og snop. Aldri har eg sett gladare ungar.

To dagar seinare dagsegla vi til ubebudde Nosy Saba. Nok ei fantastisk øy og kjempegode snorklingsforhold. Eg tok på meg våtdrakta og La Familia fekk seg ein skrubb rundt og under sjølinja.
Nye to dagar etter, og nok eit par gode fellesmiddager saman med Petrell og Eagle Wing, forlot vi sabaland. 45Nm seinare, og med ein tunfisk som fangst, var vi framme i Moramba Bay. God beskytta ankring og vårt siste stopp på Madagaskar. Store, flotte og heilage baobab tre, ville lemuar, flotte øyformasjoner. Vi fekk nokre fine dagar her mens vi venta på eit godt værvindu. Dei andre seglar vennene våre dukka også opp, og den Gresk/Irkse båten Pamina kom også i tide. For vi hadde bedt dei kjøpe 10liter rom til oss. Tusen takk. Nå var vi 8 båtar som var samla her, og om bord på Cisnecito var vi alle samla for ein aldri så liten avskjedsdrink.

Sundag 29. oktober var Madagaskar eventyret over for denne gang. Ankeret ville ikkje sleppe taket på Madagaskar, men etter å bruke litt motor, sleppte det bunnen. Saman med Petrell og Eagle Wing reiste vi avgårde nok ein gang. Med lite vind dreiv straumen oss utover og mange delfinar, fiskar, små kvaler og skjelpadder sa farvel til oss på veg utover. Eit fantastisk skue.

Korleis vil kryssinga av Mosambikk kanalen gå? Kva med den sterke straumen i kanalen som kan lage store bølger? Vi er litt spente på dette strekket, men ikkje så engstelege som vi (i allfall eg) var då vi forlot Chagos.

Følg med i neste innlegg.

Helsing La Familia


PS. Fotoapparatet vårt vart dårleg under vårt opphold på Madagskar, men vi har vore heldige og fått kopiert bilder frå Petrell. Tusen takk.

PPS. Vi hadde tenkt å være på Madagaskar i 2 veker, men vi vart dar i 5 veker. Dette resulterte i at vi vil få lita tid til å komme oss til Cape Town før besøket kjem. Eg har dessutan eit fly å rekke. Så saman med Petrell bestemte vi oss for å legge båten i Richard Bay eller i Durban til over nyttår. Januar, skal i følgje guidebøkene, være beste tida for å runde sørspissen av Afrika.
 
Login
 Brukernavn
 Passord
 Husk meg


 Problemer med innlogging?
 Ny bruker? Registrer deg!

Login
 Brukernavn
 Passord
 Husk meg


 Problemer med innlogging?
 Ny bruker? Registrer deg!

Lignende

Hjem :: Bidra med nyheter