logofinngulf.png
 Innlogging for medlemmer blank.gif
Språk
Velg språk:


Hovedmeny
· Hjem

Moduler
· Fotoalbum
· Medlemsliste
· Dagbok
· Søk
· Fakta

Pålogga
Vi har 3 gjester og 0 medlemmer online

Velkommen gjest, bli bruker i dag.



* Sør Afrika, del 2
Sendt Feb 10, 2007 - 10:26 AM
Skrivervennlig side Skriv ut artikkelen  Send denne artikkelen til en venn. Send denne til en venn
Generelt Nå skal du få ta del i La Familia og mannskap sine opplevelser i Durban og det lille fjell-landet Lesotho. Les om seilasen fra Richards Bay til Durban, rappelering i Lesotho og jentenes dag på spa senter. Det er Hilde som har skrevet innlegget.

Endelig ut på bøljan blå igjen!! Foran oss hadde vi ei nattsegling på ca 90Nm til Durban. Vinden var god, men sjøen var noko rufsete. Vi hadde flott måneskin fra ein deilig fullmåne og stjernene funkla som eit teppe over oss. Ved soloppgang kunne vi skimte Durban i det fjerne og nokre delfinar kom og hilste oss så vidt velkommen. Det er ikkje så mange marinaer å velge mellom og vi høyrde rykter om at det var vanskelig å få plass. Innløpet var ganske grunt og plutselig gjekk da eit nøkk gjøno båten – vi hadde nådd bunnen! Heldigvis var det bare ein liten sandbank og vi var laus med det same. Vi fortøyde midlertidig på utsida av ein annan båt. Therese og Tessa gjekk på marinakontoret for å høyre om det var plass til oss. Jentene kom jublande tilbake. Vi fekk den siste plassen – hurra! Yngve og eg løyste fortøyningane og tok båten bort til båsen vi hadde fått tildelt. Der sto jentene og tok i mot trossene. Bare på denne korte turen nådde vi i bunnen to ganger! Ja, det er ganske grunt her på fjære sjø. Og når båten i tillegg stikker 2,5 mtr ned i sjøen kan det lett bli utfordrande både å ankre og å legge til i marinaer.

Durban er ein varm, klam, støvete og skitten by. Med sine 3,2 mill innbyggere er Durban, Sør Afrikas tredje største by, grunnlagd i 1824 og oppkalt etter den daverande britiske guvernøren i Kapp-kolonien, Sir Benjamin D’Urban. Byen er Sør Afrikas største hamn, og den er eit av landets mest populære feriestader. Vi tok ein av dei mange maxitaxiane, som fungerer som rutebusser, til den imponerande 6 km lange stranda for å gå ”The Golden Mile”. Bussturen var ein opplevelse i seg sjølv. Med raeggeton musikken på full guffe og det same med diskanten, blei vi stua inn i ein buss. Den var registrert for 15 passasjerar, men vi var sikkert 25 med stort og smått. Dei som ikkje gjekk i bredden gjekk i høgda. Eg fekk ein ungdom på fanget. Heldigvis varte ikkje turen lenge. Promenaden var fin, sola steikte og det var kun dei svarte som bada. Tydeligvis ikkje ei strand der dei kvite ferdast. Kvifor veit eg ikkje. Det er jo veldig flott der.

Vermeldinga for neste dag var ikkje særleg bra. Therese, og Marit fra Petrell, har lenge drassa rundt på ei brosjyre frå eit SPA-senter. Etter litt organisering var alt klart for at 5 jenter kunne unne seg litt luksus. Senteret var kjempeflott med svømmebasseng, boblebad, badstu og jacuzzi i tillegg til behandlingstilboda. Vi blei varta opp med juice, te, kaffe, kjeks, muffins og frukt. Ute i hagen krydde det av ville apekatter. Ei stor hannape kom faktisk heilt inn i salongen til oss. I ein lynrask bevegelse stjal han ei banan fra fruktfatet rett foran augena på oss – rakkar!! Behandlingane eg valgte var svensk massasje, heile kroppen (1 time), og voksing av augebryn. Kjempe deilig massasje! For heile gildet betalte eg ca 300,- NOK!

Sidan eit langt nok vervindu med dei riktige vindane, nord/nordaust/aust/søraust, lot vente på seg, bestemte vi oss for å finne på noko å slå ihjel ventetida i Durban med. Valget falt då på ein biltur til det vetle fjell-landet Lesotho, som ligg midt i Sør Afrika, og fjellområdet Drakensberg, som ligg aust av Lesotho.

Onsdag, 10. jaunuar satte vi oss i bilen og la ut på den lange vegen mot Semonkong i Lesotho. Planen var å reise heilt til Semonkong første dagen. Men vi somla litt i starten og nådde akkurat grensa til mørket falt på. Vegane der oppe er ikkje serleg gode, for da mesta grusveger. Vi overnatta derfor i ein liten stad med namnet Roma. Vi var alle spente på kva landskap som møtte oss i dagslys. Lesotho ligg fra 1500 moh og oppover. Høgste fjellet er 3482 moh.

Ein storslått natur openbara seg for oss langs den svingete og bratte grusvegen. Gjetere på hest eller esel innpakka i fargerike ullpledd gjeta buskapen fra husa og ut på beite i dei grønnkledde, bølgende fjellsidene. Langs vegen og i fjellsidene sto husa i små klynger. Nokre var runde med stråtak, andre var firkanta med bøljeblekktak. Strøm og innlagt vatn er det få som har. Det er vanskeleg for oss å forestille seg at det faktisk er folk rundt om i verda som lever slik vi gjorde i Norge for over 100 år sidan. Folket her er smilande og venlege. Dei vinka og smila til oss når vi køyrde forbi. Det einaste negative var unger som stod langs vegkanten og tigga penger av forbipasserande biler. Eit par gutar kasta stein etter bilen fordi vi ikkje stoppa og gav dei noko.

Ved lunsjtid kom vi fram til den vetle tettstaden Semonkong og Semonkong Lodge, kor vi hadde bestilt overnatting. Hovudattraksjonen her er rappellering ned 204 mtr ved ein foss med fritt fall på 186 mtr. Dei tre galningane eg er på tur med var heilt gira – ”ja, dette MÅ vi jo bare gjøre!” Eg mi pysa, var litt meir betenkt…

Samtidig som vi ankom plassen byrja det å regne, lyne, tordne, blåse og hagle meir enn det har gjort på lenge. Derfor fekk vi ikkje starta med rappelleringstreninga som planlagt. I staden blei det ein lang ettermiddag og kveld i baren og rundt biljardbordet.

Tidleg neste morgon vakna vi til solskin fra skyfri himmel. Kl 09.00 møtte vi innehavaren, Jonathan, for treningsøkt. Vi gjekk opp lia bak lodgen. Bare den vetle turen var tung å gå på grunn av den tynne lufta 2500 moh. Huff! Korleis skal dette gå?? Der oppe var allerede Felix i gang med å lage klart utstyret og tauet var alt utfor kanten. Vi fekk på oss utstyr og fekk instrukser om kva vi sku gjere. Først ut var Tessa, ho klarte seg fint og det såg ikkje så vanskleg eller skummelt ut. Neste ut var Yngve. Han har gjort dette før, for han var det heller ikkje noko problem. Så var det min tur. Eg syns bare tanken på at veggen er 25 mtr. høg var skummel nok i seg sjølv. Blei festa til tauet, gjekk baklengs mot kanten, hadde blikket festa på skorna og lente meg bakover utfor kanten. Det var litt ekkelt, men mykje enklare enn eg hadde trudd. Fira meg roleg ned til bunnen der David sto og tok i mot. Da var det bare å balansere på svaberget langs elva, og gå opp att lia til toppen. Etter 4 ganger opp og ned med nye ting å øve på kvar gong, var vi no klare for den store veggen. Men det var ikkje før dagen etter. Vi satte oss derfor på hesteryggen og rei for å ta ein kikk på det store fossefallet. Det gjekk eit sug gjennom magen på oss alle då vi nådde kanten på juvet og vi kunne sjå og høyra fossen dundre ned veggen på motsatt side. Hjelp! Tør eg dette da?? Eg får sove på det i natt og sjå kva morgen dagen bringer – tenkte eg.

Det var ein nokså oppspilt og gira gjeng som kom tilbake til lodgen. Litt ømme rumper etter eit par timar på hesteryggen satte ikkje noko bremse på party-humøret. I mellom øl, cider, irish-coffee og Smirnoff spin, gjekk det i kortspeling. Vi var eit riktig så lystig lag. Folk såg på oss og flira – hi-hi! Ein stor dag ventar oss i morgon og vi hadde vet nok til å ta tidleg kveld.

Klokka 07.00 møtte vi Jonathan og resten av ”mannskapet” på parkeringsplassen. Bilen var lasta med utstyr, mat og drikke. Vi jumpa inn i bilen, også hunden, Skippy, ville vera med. Yngve fikk han på fanget. Med sanger som U2’s ”Beautiful day” og Guns’n Roses’ ”Paradise City” på full guffe, humpa vi oss i veg mot stupet. I enden av vegen og litt lengre, blei bilen parkert. Der i frå var det ca 10 minutters gange fram til det store stupet. Magen min var ikkje serleg mottakeleg for frokost, men ellers var eg heilt roleg. Felix, som er eksperten og har rappellert her over 200 ganger, anbefalte meg til å vere først utfor. Etter 45 min venting medan tau blei sikra og Jonathan tok turen ned veggen, var altså alt klart for meg. Eg fekk på meg alt utstyret, blei festa til tauena og begynte å rygge bak mot kanten med små skritt. Då eg skulle begynne å lene meg bakover, tok den store skjelven meg. Kroppen låste seg fullstendig og eg klarte nesten ikkje puste. Felix snakka beroligande til meg, men det hjalp ikkje. Eg måtte gje opp – søren og!! Då var det Yngvis sin tur. Eg såg at han skalv godt i beina då han fòr over kanten. Det hjalp litt på psyken min. Eg satt og mota meg opp heile dei 17 minutta han brukte ned, i tillegg til den tida det tar å få tauet opp att. Okay – no eller aldri! På nytt sto eg med ryggen til stupet. Satte roleg ein fot bakover, så den andre. Lente meg bak og gjekk sakte bakover. Eit steg til og første fot var utfor kanten. Enda eit steg, og andre foten var også utfor kanten. Det var litt av eit sug som for gjøno magen. Firte meg roleg nedover eit par meter, og der hang eg og dingla med beina 200 mtr over bakken. Kun festa med to tau i ein sele. Ved sida av meg durte fossen i vill fart nedover fjellsida. Det einaste eg kunne høyra var drønna av vatnet som traff bunnen med ein fart på ca 110 km/t. Det varte ei stund før eg våga å sjå meg rundt. På toppen sto Felix og David og passa på at alt gjekk greit med meg. Det var litt av ein utsikt. Og laaaaaangt der nede kunne eg skimte Yngve og Dirk som to små prikker. Hjelp! Det er verkeleg høgt ned. På vegen ned fekk eg auga på ein fin blomst som klorte seg fast i fjellveggen. Denne stoppa eg litt opp ved og såg litt på. Følte faktisk litt selskap i denne blomsten akkurat då. Jada, eg er litt skrullete J Ca 50 meter over bakken, fekk eg ein fin dusj av fossen over meg. Siste partiet var skikkelig sleipt og litt vanskeleg. Det var godt å få auga på Jonathan langt der nede. Skal sei det var ei glad jente som nådde bakken og kunne sleppe jubelen laus!! ”Johooooo!!!!!” Gjalla det mellom fjellsidene etter 15 min nedstigning.

Therese var neste. Ho tok seg god tid og brukte 23 min. Vinden hadde auka på litt, så ho fekk seg ein god dusj fra fossen. Til slutt var det Tessa sin tur. Ho tok seg virkelig god tid og brukte 30 min. Vinden hadde auka på enda meir, og ho blei kliss blaut. Tydeligvis holdt dei ho litt igjen på toppen for ho måtte jobbe seg ned heile veggen og var kjempe sliten då ho kom ned.

Dagens bragd slutta ikkje her. For å komme oss opp til bilen att, måtte vi gå opp ei bratt fjellside på ein dårleg sti. Var man så uheldig å gli her, trilla ein heilt til bunns i dalen. I tillegg til vanskeleg underlag, steika sola og den tynne lufta merkast godt. Vi befant oss på 2200 moh. Det var eit skikkeleg slit å koma seg opp til topps att. Skal sei det var deilig å endeleg nå toppen! Uten tvil ein svært lykkeleg gjeng som jumpa ut av bilen trygt tilbake ved lodgen. Der tok vi stolte i mot sertifikata våre. Planen var og ete lunsj her og så sette kursen mot Drakensberg. Men med regn i vente, blei vi sterkt fraråda å køyre. Sidan det er grusveger, blir det svært glatt når det regner. Etter ein kort diskusjon oss i mellom, blei vi einige om å bli ei natt til. Noko både vertskap, og den sørafrikanske gutten, Dirk blei veldig glade for.

Ved 7.30-tida neste morgon la vi i veg mot Sør Afrika att. Det var litt vemodig å ta farvell med dei nye venene våre og det flotte landet. Men sånn er det å vera på tur. Nye vener kjem og går heile tida. Ut på ettermiddagen ankom vi Amphitheather Lodge ved foten av dei spektaktulære Drakensbergfjella. Etter ein god middag og nokre timar med kortspel, bar det i seng. Sengane var noko av det verste alle nokon gong har lagt på. Men vi fekk no sove nokre timar lika vell. Vi satte oss i bilen og køyrde til Royal Natal National Park. Her spente vi på oss tursko og gjekk ein fin 3-timers fjelltur mellom dei mektige fjella. Vi såg mange fargerike sommerfugler, ulike fugler, mange fine blomar og ein liten slange.

Mandag kveld, 15. januar, kom vi tilbake til båten i Durban. Tessa pakka sakene sine og neste morgon køyrde vi ho til flyplassen. Då var henas 4 veker med oss over. Det har vore kjempe kjekt å reisa i lag med deg, Tessa. Lært deg å kjenne, og delt store og små opplevelser saman. Du er hjarteleg velkomen tilbake til La Familia når det måtte vera for meir galskap. Resten av mannskapet forbereder seg no på neste etappe mot Cape Town.

Hilsen La Familia
 
Login
 Brukernavn
 Passord
 Husk meg


 Problemer med innlogging?
 Ny bruker? Registrer deg!

Login
 Brukernavn
 Passord
 Husk meg


 Problemer med innlogging?
 Ny bruker? Registrer deg!

Lignende

Hjem :: Bidra med nyheter