
Vi har alle vært på safari og sett mange av de flotte dyrene i Afrika. Vi har valgt ut Yngve, Hilde og Tessa sin tur som innlegg. Bildene er fra hentet fra forskjellige turer. Det er Hilde som har skrevet innlegget.
2. juledag reiste eg saman med Yngve og Tessa til Hluhluwe (uttales shlushlui). Der tok vi inn på ein koseleg backpacker plass. Kl 05.30 neste morgon stilte vi på parkeringsplassen for å dra på safari i Hluhluwe-parken. Denne parken er Sør Afrikas eldste (1895) og kjent for at det var her man redda det kvite nashornet. Området er zulukongens tidlegare jaktmarker. Landskapet er bølgande grøne høgder med flotte elver. Alle dei ”fem store” (The Big Five) – løve, elefant, leopard, bøffel og nashorn – er å finna her. I tillegg fins her mange ulike fugleartar.
Spent, oppspilt og med store auge satte vi oss i safari-jeepen på utkikk etter alle ”dyrene i Afrika og alt de har å gjøre. Aja-aja-a-ha-ha-ha...” Det tok oss ikkje lange stunda før første dyr kom til syne. Ein stor og gjørmete bøffel. Dei lever i flokker på opptil tusen dyr. Antagelig var dette ein som hadde lurt seg unna for å få litt tid for seg sjølv. Lika bortanfor beita ein vannbukk. Vannbukken er stor og sterk. Den tjukke pelsen er gråbrun og med ein svært karakteristisk kvit ring på baken. Hannen har lange, rillede horn. Som namnet tilseier, holder den seg til vatn og er ein god svømmar.
Etter kvart som vi køyrde innover i parken, dukka dyra opp i tur og orden. Nesten som vi var ein del av ein film. Det var eit utruleg syn då giraffane kom marsjerande ut av bushen, kryssa over vegen like ved bilen og steig grasiøst vidare på andre sida. Giraffen kan verta opp til 6 meter høg. Ikkje lett for ein slik stake å nå ned til bakken for å få i seg litt drikke. Det er eit ganske komisk syn – stakkars! Dei gjekk ikkje åleine. På halsen, ryggen og sida hadde det landa nokre fuglar som fekk seg ein gratis ridetur. Sebra og nyala (antilope) var å sjå alle stader. Nyalaen er ein av Afrikas vakraste og mest sjeldne antiloper. Hannen er grå med kvite striper på ryggen. Den har ein kort, oppståande manke. Beina er gulbrune. Hannen har lange lett bua horn. Hoa er gulbrun heile vegen, og har ofte fleire kvite tverrstriper enn hannen.
Rundt ein sving kom vi over ein stor flokk med impala. Dette er truleg Afrikas best kjente antilope. Den er mellomstor, 40-50kg. Ein kudu fekk me auge på inni mellom noko buskas. Den kan vege opp til 350 kg. Den er lys grå med kvite striper frå ryggraden og nedover sidene. Hannen har flotte snodde horn. I ein stor søledam låg eit kjempe stort nashorn og kjølte seg ned saman med nokre bøflar. Det finnes to typer nashorn i Sør Afrika, det kvite og det svarte. Begge er faktisk grå. Det kvite veger opp til 2,3 tonn, medan det svarte ”bare” når opp i 1,1 tonn.
Det var blitt langt på dag og vi humpa vidare framleis lika spent, oppspilt og med store auge på utkikk etter dei ”fem store”. Vi runda neste sving, og der – det gikk eit gisp gjøno heile bilen – der kom to gigantisk store elefanter marsjerande. For eit fantastisk syn å sjå desse kolossane passera bare nokre meter frå meg. Elefanter et nesten heile tida. Ein voksen et ca 250kg føde kvar dag. Dei lever av gras, blader, røtter, frukt og bark. Hoa kan vege opp til 3,5 tonn og hannen kan nå ei vekt på heile 6,3 tonn.
Seint på ettermiddagen var vi tilbake til overnattingsstaden. Da var det deilig med ein kald dusj og deilig middag. Vi blei fortalt at det var over 40gr C denne dagen. Det tok litt tid å fordøye alle inntrykka. Sjølv om eg ikkje fekk sett løve og leopard, var eg svært nøgd med turen.
På returen til Richard Bay, heiv vi oss på ein båttur for å møte flodhester. Det første dyret vi fekk auge på var ei krokodille. Dei var det mange av, men vanskeleg å festa til filmrullen. Det var bare så vidt dei stakk augena opp over vannflata. Første flodhesten lot ikkje vente lenge med å vise seg. Den kom heilt nær båten. Guiden kunne fortelje at det var Vincent van Gogh. Namnet har han fått – ja, nettopp – fordi han mangler venstre øyra. Litt etterpå dukka det opp ei mor med ein liten kalv. Etter å ha passert under ei bru med fult av svalereir på undersida, dukka det opp ein stor flodhestfamilie. Det store spenningsmomente var om nokon av dei var villig til å visa det store gapet sitt. Og jammen santen slo det til. Det var litt av eit gap. Eg vil ikkje koma ut for eit slikt ein mørk kveld. Tennene er faktisk ganske store og kraftige. Ein flodhest kan veie opp til to tonn. Øyrena, naseborena og augene er plassert slik at dei er over vatn sjølv om resten av dyret er under. Om dagen oppholder dei seg i vatnet, medan dei beiter om natta. Man kan ofte høyra om det er flodhester i nærleiken på dei høglytte grynta. Statistisk sett er dette det farlegaste dyret i Afrika. Størst er faren om man skulle kome mellom ein flodhest på land og vatnet, der den vil søka tryggleik. Flodhesten spring nemlig overraskande fort.
I Emdoneni Animal Care & Rehab Centre tar ein vare på truga katteraser som gepard, serval, caracal og afrikansk villkatt. Dyra blir tatt godt vare på og satt ut i det fri når dei er klare for det. Her fekk eg møte nokre av Afrikas rovdyr på nært hold. Servalen var den første eg gjekk inn i innhegningen til. Den er eit lite langbeint kattedyr. Den har store, runde øyre og svarte flekker og striper på ein gullig bakgrunn. Ligner litt på geparden, men er mykje mindre. Den lever av mindre dyr som fugler, gnagere og små antiloper. Den eine var så tam at eg kunne klappe den.
Caracal er ein litt større og kraftigare katt. Denne turde ikkje ein gong dyrepassaren å gå inn til. Den er super hissig, angriper bakfra og dreper for å drepe. Ein liten gutt blei funnen drept av ein slik for ikkje så lenge sidan. Der var alle innvollane drege ut og låg utanpå kroppen. For caracalen speler det inga rolle om det er dyr eller mennesker den angriper.
Geparden var dagens høgdepunkt – verdas raskaste dyr. Den kan aksellerere 0-80km/t på 3 sekunder!!! Den kan nå ein toppfart på opptil 110km/t. Men den farten klarer den ikkje holde lengre enn ca 400 mtr. Geparden angriper sjeldan mennesker. Likevel kjente eg adrenalinet bruse då eg gjekk inn porten til dette flotte dyret. For ein opplevelse!!! Vi fekk beskjed om at kom den i mot oss, måtte ein bare stå stille og løfte armene – IKKJE springe. Hm, sikkert lettere sagt enn gjort
Sist ut var den Afrikanske villkatten. Denne ser ut akkurat som ein vanleg huskatt. Den kan uten problem temmast og has som husdyr. Kanskje Tigergutt er ein av denne rasen. Han er veldig lik.
Besøket hos dyrene i Afrika har vore opplevelsesrikt og heilt fantastisk!!
Hilsen La Familia