Madagaskar til Sør Afrika
Artikler / Generelt
Dato: Jan 19, 2007 - 05:34 AM
|
Skrevet av Yngve
Sally var mønstra av så nå var vi bare to igjen. Dette inneberer kortare kvileperiodar på overfarten, men det skulle vise seg at det gjekk svært bra. I løpet av nokre dagars mellomrom, var vi sju båtar som reiste frå Madagaskar med retning Sør Afrika. Vi valgte litt ulike ruter, men kven kjem først fram?
Vi valgte å krysse over Mosambikk kanalen for så å gå sørover langs kysten av Afrika. Hadde håpa på ein fin medstrøm, med da viste seg at medstraumen var sterkare lengre ifrå kysten.
Vinden var svak på turen over men vi kosa oss. Lenge sidan vi bare var to om bord under ein lang seilas. På turen fekk vi vær melding om at ein storm var på veg nordover. Vi valgte da å søke ly på innsida av Bazaruto i Mosambikk. La Familia låg klart i tet, men med den seglføringa vi hadde ville vi komme inn i løpet av natta. Nesten som vanleg, valgte vi å redusere segl og fart. Cisnecito benytta seg av dette og fossa forbi oss.
Siste natta før vi kom til Mosambikk, auka vinden på og sjøen bygde seg opp, men då da lysna av dag, roa vinden seg. For å komme inn til Baszaruto, måtte vi igjennom eit pass. Det hadde nettopp vore flo sjø, så da skulle være djupt nok til store La Familia. At det skulle være så stor motstraum i passet, hadde vi ikkje rekna med. Og den store sjøen etter nattens vind, gjorde ikkje inngangen enklare. Etter å stampa oss igjennom passet i 3-4 knops motstraum, vart bølgene mindre og mindre. Men det var mange grunner å gå over og fortsatt stor straum pga tidevannsforskjell. Therese var inne og sjekka kart og såg på instrumentet som viser djypna framover, mens Yngve stod ved roret. Yngve masa på Therese: Kan vi segle der? Kan du dobbelsjekke kartet, osv. La Familia stikker 2,5m djupt. Therese ropar djupna til Yngve: 4m, 3m, 2,5m, 2,7m! La Familia fekk ein liten smak av sand på kjølen, men det gjekk bra. Godt ”team arbeid”
7 dagar etter at ankeret vart trekt på Madagaskar, var ankeret på bunnen igjen. Nå ved Bazuaruto i Mosambikk ved sida av Cisnecito, og ikkje lenge etterpå var Petrell, Freefall og Eagle Wing der også. Dei andre båtane fekk greie på at La Famila hadde norsk akevitt som ankerdram, og alle ville smake denne norske drinken. Therese frista med ”norske” pannekaker, og snart var alle saman om bord i La familia. På vegen over grunnen fekk vi napp på fiskestanga. Opp fekk vi ein fin spansk makrell, og den vart middag for alle seinare på kvelden.
Den sterke vinden som var meldt, kom i løpet av kvelden. Værmeldinga sa at den kunne vare i opptil 5 dager. Ankeret holdt bra, men det var ein del bølger. Dagen etter valgte vi å flytte oss over til ein annan ankringsplass. I kuling og regn var da opp med ankeret og stampe oss dei 7Nm i motvind til neste plass med kraftig motstraum. Der vi slapp ankeret var da liten sjø, så La Familia låg ganske roleg sjølv med mykje vind like utanfor Indigo Bay Island Resort.
Dingeling var godt nedpakka, men vi fekk skyss av Cisnecito til å utforske kva som var på land. Feriekomplekset var stengt men det var full bygnings aktivitet. Byggesjefen tok oss med på ein omvisning rundt på området. Når det var åpna igjen var seglbåtar kun velkomne i den eine delen av komplekset, så dei ”rike” turistane skulle få litt privat luksus.
Dei lokale på Bazaruto har stort sett vore sjølvforsynt, men når ein bygger store feriekomplekser blir det verre. Dei lokale får lønna arbeid og betre helsetjeneste som gjør at levestandaren aukar. Og mindre barnedødlighet. Dette har gjort at befolkninga aukar og ikkje klarer seg sjølve lenger. Kriminaliten aukar og byggefirmaet brukar mykje pengar på vakthold.
Gebursdagasfeiring for Therese: 8.november fylte Therese 32 år. Chris på Cisnecito hadde hatt bursdag på overfarten og det vart ei fellesfeiring av bursdagane. Therese fekk være med Luke og jolle segle. Etterpå var vi på stranden og hadde sekkeløp, tautrekking, limbodansing og snurre 10 ganger rundt pinnen leikar. Etterpå var det felles middag og kaker + presangleikar om bord i La Familia.
I grålysninga 10. november tok vi opp ankeret. Like etter Eagle Wing og Petrell, smyg vi oss ut på flo sjø over grunnane på veg ut i havet igjen. Sidan La Familia stikker over 1/2m djupare enn dei fleste andre, er da godt å ha nokon som kan gå føre og sjekke forholda. Den Irsk/Greske båten Pamina kjem like bak oss. Vi kjem ganske nær nokre sandbankar, men det går bra. Ved utløpet av passet blir da stadig grunnare og bølgene blir større, men ved 4m djupne begynner djupnemålaren å stige igjen. Hurra da gjekk bra, og vi kruser sørover for motor!
Eg gjekk inn for å høyre værmeldinga og status frå andre båtar på SSB radioen, mens Therese var ute. Ho fekk oppleve svært lekne delfinar rundt båten i det klare vatnet. Vistnok eit fantastisk skue som varte i minst 20 min. Dessverre hadde vi ikkje kamera som virka..
Etter kvart kjem da litt vind, segla kjem opp og Volvoen tek seg ein kvil. Det virkar som La Familia har dårleg tid og fosser i frå de andre. Snart har dei tre båtane bak oss fått opp spinnakkerane, men klarer ikkje å ta inn på La Familia som fossar ifrå utan genakkeren, ”Suzi Q” oppe. Therese storkoser seg på roret i 8-9 knops fart. Kor lenge skal dette vare?
I løpet av natta avtok vinden, ned med segla og Volvoen overtok og tok oss framover. Etter lunsj kom da nok vind til at segla stod, og av med Volvo. Vindstyringa, Nemo, styrer og så får vi fisk på kroken. Opp i båten får vi ein fin 5kg ”Stripy” tunfisk. Om kvelden auka vinden på og vi tek andre rev i storseglet. Men under revinga er vi ikkje heilt vakne, og strammar ikkje det bakre revetauet nok før vi strammar opphalet. Riiitsj!!!! Og seglet revnar i ”bomrevet”. No var vi raske og unngikk stor skade på seglet. Vi seglar vidare med bare forsegl i den mørke natta med nokre regnbyger og ein del sjøsprøyt over rormannen (Nemo likar ikkje høg sjø). Straumen varierer frå 1 knops medstraum til 1 knops motstraum.
Neste dag tok vi opp det vi kunne av storseglet, dvs med tredje rev, og litt forsegl i 20knops vind. Petrell har valgt same rute som oss, har tatt innpå og er 12Nm bak, og innafor VHF rekkevidde.
12. november kryssar vi grensa til Sør Afrika og det feira vi med ein akevitt skål.
Siste natta er da mange mørke skyer, råsevind og mange kraftige lyn over og rundt båten. Vi tar av alle instrumentene og håpar det går bra. Tidleg om morgonene avtar lyna og instrumenta blir påslått igjen. Medstraumen aukar til 2 knop og vi seglar i 9–10 knops fart, men sjøen er uroleg.
Laffen styrer og Therese er på do. På VHF radioen ropar båten Freefall på oss, og eg kjem meg opp av senga. Mens eg snakkar med Axel merkar eg at noko har endra seg ute. Då eg kjem meg ut, ser da ut som vi er midt i ei vaskemaskin og vinden har avtatt. Vi er midt i den kraftige kanalstraumen som driver sørover. Therese blir ferdig på do og vi tek ned forseglet, startar Volvo og setter kursen nærmare land. For etter det vi har lest og høyrt, skal det være rolegare sjø der. Therese er navigatør og setter opp nye ruter mens eg rorer. Først går vi inn til 50m djupne grensa, så 40m, men ennå er sjøen ganske stor. Først når vi kjem oss inn på 30m djupne avtok sjøen, men no har vi fått 1 knops motstraum.
Regnet høljer ned og vi har ikkje vind, så båten ruller seg fremover. Vi kaller på havnepolitiet, og de ønsker oss velkommen og vi går inn kanalen mellom mange store lastebåtar.
Måndag 13. november kl. 14:30 klapper vi til kai i Richards Bay i eit forykande regnver. Det er ganske fullt ved kaia men vi får plass på utsida av båtane Cisnecito og Pamina. Dei har komt før oss og har allereie starta ankomstfeiringa saman med Freefall, Eagle Wing og Gibsea Soul på pub’en. To timar seinare kom også Petrellane seg vel fram, like før ein kraftig sør-vest storm brakar løst. Immigrasjons offiseren kom til pub’en og stempla passa vore der.
VELKOMMEN TIL SØR AFRIKA! Det vart ein lang, men fin feiring med mykje god mat og drikke på restauranten.
No skal vi på safari, få besøk og oppleve Sør Afrika.
PS: Like etter at vi ankom Richards Bay i det kraftige regnveret, fekk vi alarm på autopiloten. Cisnecito har same type og opplevd den same feilmeldinga. Saman med Chris feilsøkte vi og fant ut at kontrolldelen var ødelagt. Eg tok kontakt med leverandør i Durban og fekk pris på ny til 6000 kroner. Men før vi bestiller ny kan jo vi prøve å reparere den gamle. Kontrolldelen var opna, rensa med q-tips og sprit, lodda, testa, og med litt neglelakk på kontrollkortet virka den igjen. Det var raske 6000 sparte kroner.
PPS: Ben frå Gibsea Seol hjelpte oss med å sy storseglet. Han har symaskin om bord og var flink til å sy. Og vips så var storseglet reparert. Tusen takk Ben.
PPPS: Sidan vi reiste frå Brisbane i Australia, 24.april, og til Richards Bay, har vi segla ein distanse på 8962 Nm, ca 16600 km, denne sesongen. Farten har vore bra og vi har hatt ein snittfart på rundt 6 knop det meste av tida.
|
Denne artikkelen kommer fra La Familia
http://www.lafamilia.nu/
Adresse til denne artikkelen er:
http://www.lafamilia.nu/modules.php?op=modload&name=News&file=article&sid=90
|
|