Yngve på tur i kongelandet Swaziland, Zambia og Zimbabwe
Artikler / Yngve
Dato: Feb 09, 2007 - 06:45 AM
|
Ikkje lenge etter at La Familia var fortøyd i Sør Afrika, så reiste eg til Swaziland. Dette kongedømmet, som er litt mindre enn Sogn og Fjordane fylke, har eg lenge hatt lyst til å besøke og no var eg der. Får eg møte sjølvaste kongen av Swaziland? Kva har dei å tilbu i Zambia og Zimbabwe, og blir da overnatting i telt i jungelen?
Eg hadde budt om bord i båten sidan februar, og nå var eg klar for å reise litt på land. Eg tok buss frå Richard Bay og nokre timar seinare var eg like utanfor byen Manzini i Swaziland. Hostalet som eg hadde bestilt, var ute på ”bondelandet” utan muligheit for å få kjøpt mat og drikke. Dette hadde ikkje eg tenkt på, men eg fekk heldigvis middag og øl saman med verten og assistenten hans. (Eg var einaste gjesten). Det var ein stor overgang å komme frå sjøen og langt inn i landet. Mange hundar sprang rundt beina, froskar som hoppa rundt inne i stova og mange innsekter som til stadig kom opp i øl-glaset. Eg tykte dette vart vel mykje villmark for meg, og neste morgon fekk eg skyss inn til byen, Manzini.
Byen er den nest største i landet, og har 2 hotell. Eg tok inn på Park hotell og fekk eit flott rom med to store senger, badekar, fjernsyn med fleire kanaler og med altan med utsikt over byen, til 120 kroner inkludert frukost. Dette var luksus for meg og eg vart her i to netter.
Swaziland vart uavhengig i 1968 og praktiserer fleirkoneri, har respekt- og er stolte over kongen sin. Kong Sohuza II kom til makta i 1921 og før han døde i 1982, verdens lengste regjerande konge, hadde han over 100 koner og meir enn 600 barn. Tru om han hugsar navna på alle ungane. Kven skal så overta trona? Ikkje den eldste som vi er vant med. Den kona som bare føder ein son, kan være mor til den nye kongen. Den nye kongen, Kong Mswati III, vart krona i 1986 og har allereie fått seg 15 koner, sjølv om han bare er 38 år. Ikkje rart at HIV/Aids er svært utbredt i dette landet. 33% av dei vaksne inbyggarane har/eller vil bli smitta.
Sjølv om dei praktiserer fleirkoneri, er dei eit kristent folkeslag og går mykje i kyrkja.
Etter ein god middag tok eg turen innom ein lokal pub. Eg var visst einaste utanlandske, og da gjekk ikkje lenge før dei lokale kom over til meg og byrja å skravle i veg. Kjekt men litt engstelig over om ein kan bli smitta av HIV ved pust og spytt frå å snakke med folk? Nei, det kan ein vel ikkje. Først såg vi engelske fotball-kampar på TV. Direkte. Folka her er veldig opptatt av England og fotball. Dersom dei skal velje eit land å reise til, er det England dei vil reise til. Eg vart overraska av kor verdens opplyste dei eg snakka med var, fleire av dei eg snakka med viste litt om vesle Norge også. Ut på kvelden vart eg lokka med av 3 jenter på eit diskotek. Dette var like ved da største hotellet i byen og eg følte meg trygg. Mange vakter utanfor porten, som låste oss inn! Dette er vanleg her sa jentene og dei låste meg ut igjen då eg gjekk heim nokre timar seinare. Inne på diskoen fekk eg svinga dansefoten igjen. Ein kjekk opplevelse.
Etter nokre dagar på hotell, tok eg turen inn i ein nasjonal park der eg fekk meg ei seng på ein flott vandreheim. Utanfor døra gjekk da vortesvin, sebraer, strutsar, antiloper, ipialaer osv, og flodhestar i innsjøen. Ikkje nokon store rovdyr forutan krokodillene i innsjøen. Frukost og middag vart laga på gamlemåten over open flamme. Til middag åt eg blant anna antilope, impala og vortesvin. Både antilope og impala smakte liknande hjort, men ikkje så kraftig smak. Impala smakte betre enn antilope. Vortesvin smakte som gris, men var betre med lite fett.
I Swaziland har månane i kalendaren namn etter når dyr føder og fuglar legger egg. Sebraen har ikkje noko fast tid på året, så ingen månad er oppkalt etter den. På sletta holder fleire dyr saman for å dele på sansane. F.eks sebra og gnu’en holder sama. Sebra ser godt og gnuen høyrer godt. Malariamyggen tek flest liv i Afrika. Men det dyret som tek flest liv av mennesker i Afrika, er flodhesten, som er vegeterianer. Flodhesten et gras om natta og ligger under vatn om dagen for avkøling, men må opp å puste kvart 5. minutt. Det er når nokon sperrer vegen frå dar den et gras til vatnet, at den angriper mennesker.
Om dagane i denne parken var eg på sykkeltur og lange spaserturar saman med engelske Rebecca som eg møtte på vandreheimen. Eit hyggeleg reisefølge. Vi gjekk blant anna opp på ”Execution rock”, fjelltoppen dei skubba straffedømte utfor for mange år sidan.
Ein kveld var vi på tradisjonell Swazidans oppvisning. Noko turistisifert, men kjekt var da.
Dagane går raskt og etter åtte dagar på tur var eg tilbake i La Familia.
Etter nokre dagar med vedlikehold av båt, klesvask, båtprat med andre seglarar, safaritur, feiring av ”Thanks giving” om bord i ”Cisnecito”, var det på tide å pakke sekken igjen.
Kvelden før eg skulle reise ankom ”Blaatur” Richard Bay i eit kraftig regnver. Dei hadde eg ikkje sett på lenge og vi hadde mange historier å utveksle til langt på natt.
På tur til Zambia og Zimbabwe
Frå den tida eg var i jobb, har eg ein del SAS eurobonus poeng. Disse er i ferd med å gå ut på dato, så då eg var i Australia bestilte eg meg ein tur til Zambia. Eg tok buss frå Richard Bay til storbyen Durban. På vandreheimen møtte eg Marit og Frode, og foreldrene til Frode som hadde med seg billetten til meg. Samt diverse aviser (Firda) og presanger.
Det var kjekt å reise med fly igjen, nesten eit år sidan sist, og vips så var eg i Zambias hovudstad Lusaka. Men eg hadde ikkje US dollar eller visa med meg. Visumet kostar 25US$, og dette måtte eg betale for å få sleppe inn i landet. Ikkje hadde dei minibank på flyplassen og ikkje fekk eg ta ut pengar med VISA eller Master kort i banken inne på flyplassen. Etter mykje om og men, og krangling mellom nokre drosjesjåførar på kva eg skulle gjere, fekk eg låne pengar av drosjesjåføren som eg hadde bestilt. Passet vart stempla og eg vart køyrt ein halv time i drosje før eg kom frå til vandreheimen eg hadde bestilt. Grei plass, med eit lite basseng og myggnett over alle sengane.
Første dagen i Zambia brukte eg til å utforske hovudstaden Lusaka. Mykje fattigdom men hyggelige folk. Fleire eg snakka med hadde høyrt om Norge som eit land som gir pengar til fleire prosjekter i Zambia. Besøkte også ein frisør som ga meg Afro-look sveis.
Tidleg andre dagen fant eg ein buss som gjekk til Livingstone. Sjåføren plasserte meg i framsete så eg skulle få god utsikt. Turen tok 6 timar og i mesteparten av tida spela sjåføren gospelmusikk. Fin musikk, men 6 timar i strekk med lokal kyrkjemusikk, var i meste laget.
Vandreheimen eg hadde bestilt var ein av dei beste eg har budt på. 4-manns rom, reinsleg, stort basseng, hengekøyer, billeg og bra restaurang og bar, bra sikkertheit og hyggelige folk.
Tidleg ein morgon fekk eg transport til dei enorme Victoria falla. Dette var grunnen til at eg reiste hit, og sjølv om eg trudde det var stort, så var det større og finare enn eg hadde rekna med. Heile dagen gjekk med til å spasere rundt fossen både oppe på toppen og nede under fossen. Bavian apekattane gjekk ved sida av meg dar eg rusla rundt.
På toppen var det også fleire som solgte suvenirar. Dette er ein litt uvanleg prosess. Eg går litt rundt og virkar ikkje altfor interresert, sjølv om eg finn noko som eg har lyst å kjøpe. Etter å ha fått eit overblikk over kva eg vil kjøpe, forlanger selgaren at eg set meg på ein stol. Nå skal prisen avtalast. Han seier ein pris som er altfor mykje, f.eks 150 kroner. Eg tilbyr 30 kroner og han tilbyr det for 100 kroner. Etter å ha snakka litt om Norge og han har fortalt litt om Zambia er prisen nede i 70 kroner. Eg reiser meg for å gå og så kjøper eg varene for 50 kroner, og begge parter er veldig fornøgde. Det er nemlig ein tradisjon her å sette seg ned for å diskutere pris og å utveksle historier.
Då eg var i Livingstone las eg at det gjekk an å gå turar med løver i nabolandet Zimbabwe like innafor grensa. Eg fekk bestilt plass, og tidleg ein morgon kl 05 bestilte eg drosjebil. Da tok ei stund før den kom og eg begynte å få dårleg tid. Utsjekken av Zambia gjekk greitt og nå småsprang eg dei få kilometrane over brua og til grensestasjonen i Zimbabwe. Oppå brua var det mange bavianer som stod i vegen, men eg hadde ikkje tid til å snakke med dei. Eg fekk meg eit korttids visum og var klar for eit nytt eventyr, men kvar var bussen som skulle plukke meg opp? Etter litt fram og tilbake fekk eg hjelp. Ein hyggeleg grensevakt fant riktig telefon nummer og ringte til dyreparken. Eg hadde vist misforstått. Eg skulle bli plukka opp ved grensestasjonen i Zambia etter utsjekk, og ikkje i Zimbabwe etter innsjekk, som eg trudde. Bussen var reist, men dei skulle sende ein ny bil for å hente meg.
Dette skulle bli ein av mine beste dagar på turen hittil. Sidan eg kom seint, hadde dei andre begynt på turen. Eg var då åleine med ein guide pluss to assistentar som var med første delen. Først gjekk eg på tur med 2 løver på 8 månader, etterpå ein tur med 3 løver på 13 månader for til slutt å helse på to løve ungar på 3 månader. Det var heilt utruleg å gå på tur med desse dyra nesten åleine. Ikkje var eg redd løvene heller. Ein fantastisk opplevelse som varte i ca 3 timar.
Guiden fortalte meg mykje om dette prosjektet og om dyra under denne flotte turen. Vil dere lese meir om dette kan dere sjå på www.lionencounter.com
Etter at turen var over fekk eg eit herremåltid til frukost.
Då eg kom tilbake til Zambia og Livingstone på ettermiddagen, begynte høgre foten min å hovne opp. Eg hadde fått Urinveis-syre-gikt i foten. Dette gjorde at eg hadde vondt for å gå på lange turar. Eg hadde ikkje hatt dette på nesten 2 år og hadde ikkje med meg tabelettar. Dei neste dagane holdt eg meg stort sett ved og rundt vandreheimen. Liggande i hengeløye, ved bassengkanten eller i sofaen og las bok eller skravla med andre globetrottarar. Når ein har denne gikta skal ein holde seg unna alkohol og raudt kjøt ifølge ein internett doktar. Så det gjekk i vatn og mykje salat rettar. Sjølv om eg ikkje var med på elve rafting eller andre utfluktar pga foten, hadde eg eit flott opphold i Livingstone. Ein dag hadde vi ein lokal Zambisk mat til middag, som bestod i blant anna grilla kjøtt, mais-stappe, salater og grilla LARVER! Eg åt 4 stk, og dei smakte litt som popkorn.
Så var det å sette seg i bussen igjen, og 6 timar etter var eg igjen i Lusaka. Her var eg på kino og såg den siste Jamen Bond filmen og utanfor song dei julesanger. No var det litt julestemning sjølv om det var varmt.
Tilbake i Durban rusla eg rundt ein dag før eg var på flyplassen og tok i mot Hilde. Kjekt å sjå ho igjen etter 9 månader. Dagen etter, 23. desember, legde vi bil og var på flyplassen og tok imot Tessa. Eit nytt bekjentskap. Tessa skal være med oss nokre veker, kanskje til Cape Town, mens Hilde skal være med heile vegen til karibien. Saman køyrde vi til Richard Bay, fekk pakka ut og om, i La Familia, før vi reiste til Therese og Petrell og Co som hadde legd hus til julefeiringa.
Dette står da skrevet om i eit anna innlegg.
Helsing Yngve
|
Denne artikkelen kommer fra La Familia
http://www.lafamilia.nu/
Adresse til denne artikkelen er:
http://www.lafamilia.nu/modules.php?op=modload&name=News&file=article&sid=92
|
|