La Familia

Sør Afrika, del 3

Artikler / Generelt
Dato: Apr 03, 2007 - 11:41 AM
Etter flotte opplevelser i fjell landskap, er det nå på tide å komme seg videre mot Cape Town. Det er kort mellom værvinduene, og man må være forberedt på avreise når som helst på døgnet. Fred fra Sør Afrika som driver Peri-Peri værnett for langturseilere på SSB radioen, ga oss et godt vindu for etappen til East London. La Familia og mannskap er klar, og innhenter vi de andre vennene våre på veien? Skrevet av Hilde.

Tidleg søndag morgon, 21. januar kasta vi loss frå Durban. Vi måtte ta ei vente runde inne i hamna på grunn av fleire store skip som også skulle ut samtidig med oss. Vi la oss i kjølvatnet til eit av dei og vips var vi ute i open sjø. Det varte ikkje lenge før delfinane kom og ønska oss god tur. Yngve fekk eit vått kyss av ein stor kakkerlakk som hadde lurt seg opp i kaffikoppen hans. Skal sei da blei hosting og harking. Seglasen var tøff og det var ein sliten gjeng som, 268 Nm og 40 timar seinare (kl 23 mandag kveld), ankom East London.

Yngve: Det var lite vind og vi køyrde motor dei fyste 6 timane og fortsatt hadde vi motstraum. I løpet av kvelden auka vinden på til stiv kuling frå nord-aust og vi hadde god fart sørover, men på morgonen dabba vinden av og det var igang med Volvo igjen. Men no hadde vi 3 knops medstraum og gjorde 8-9 knops fart med 1700 o/min, normal fart er 5-6 knop. Midt på dagen snudde vinden til sør-vest, dvs midt i mot og den kom før værmannen meldte, og vi har endå 80Nm igjen. Men heldigvis var ikkje vinden meir enn 10 knop i begynnelsen, men på ettermiddagen auka den opp i 15 knop. Ikkje så mykje eigentleg, men bølgene her blir store og rotete med den sterke straumen som går sørover. Eg må seie at dette var ganske rart. Vi køyrde Volvo i stampesjø, båtfarten viste mellom 2-3 knop og det ser ut på sjøen at vi står stille, men GPS farten viste 7-9 knop. Dvs vi hadde over 5 knops medstaum, ein rar opplevelse ute på sjøen. Vi diskuterte kva vi skulle gjere vidare. Fortsette til Port Elisabeth eller ”ri” av sør-vest vinden med eit stopp i East London. Vi valgte det siste og ville vente på eit nytt værvindu.

Hilde: Vi fortøyde utanfor to andre båter, hadde ein god ankerdram og stupte rett i seng. Å så fantastisk å ligge i ei rolig seng som ikkje slenger deg vegg i mellom. Neste morgon var det deilig å ta seg ein god dusj og komme tilbake i båten til ein kraftig frokost. Yngve diska opp med speilegg, bacon og bønner i tomat – nam, nam!!! Det var blitt ledig plass ved veggen og vi flytta båten bort dit. Det er ingen marina her og vi må derfor fortøye til ein høg vegg (kai) eller utanfor andre båter. Yngve og eg tok ein tur på museet for å sjå ein utstoppa blåfisk (kvastfinnefisk) som blei fanga i 1938 – og som til då var rekna som utrydda for 60 mill. år sidan. Det viser seg no at denne fisken er ganske vanleg i enkelte områder, men holder til i djupet.
Om kvelden etter mørkets frambrudd dukka rottene opp på kaia. Dei dansa zulu på linene og pilte om kapp opp og ned alle dei gøye tauene. Vi hadde stor underholdning av dei. Faren for at dei ville klare å kome seg om bord var absolutt tilstadeverande, så for sikkerhets skyld skalka vi alle luker ved sengetid. Det var ikkje heilt fritt for tassing på dekk om natta.

Nytt vervindu opna seg allerede neste dag. Tidleg om morgonen var vi igjen ute på bøljan blå. Endelig hadde vi ein flott seglas sjølv om vi måtte motre mesteparten av vegen til Port Elisabeth. På turen nedover hadde vi besøk rundt båten av både delfinar, sjøløver og pingviner – fantastisk! Vi brukte 23 timar på dei 138 Nm ned hit og ankom kl 8 torsdag morgon. Therese og eg gjekk straks i gang med å spyle og skure både dekk og cockpit. Etterpå var det våre egne skrog som fekk ein omgang med spyleslange, såpe og shampo. Det var ikkje fritt for tilskuere fra alle fiskebåtane rundt oss. Seinere på ettermiddagen gjekk vi opp i byen for å eta middag på restaurant. Valget falt på ein brasiliansk med venleg betjening og god mat. Etterpå flytta vi kroppane våre over til ein fancy bar. Her har dei ein fleire siders meny på alle drinker, shoter osv man kan tenke seg. Vi var ikkje verre på det enn at vi måtte teste ut litt av kvart. Det blei både drinker og shoter til vi kom ut av tellinga. Då vi ba om rekninga var den ikkje på meir enn ca 100,- kr (NOK) på kvar!! OK, vi har nok gryn til ei runde til. Å komme seg tilbake til båten skulle ikkje bli heilt enkelt. Først blei vi stoppa i taxien i vakta inn til havneområdet og sjåføren blei nekta å køyra oss lengre. Grunnen var at vi ikkje hadde papirer på at vi tilhøyrde ein båt. I tillegg blei vi nekta adgang fordi Yngve var observert åleine då han forlot havna tidlegare på dagen og no hadde med seg to damer. Oss hadde han altså plukka opp på byn. Etter mykje krangling og kjefting fekk vi endeleg overtyda dei om at vi faktisk alle tre tilhøyrde eigen båt. Problema stoppa ikkje her. Då vi kom til Yacht-klubben var porten låst og det hjalp ikkje å ringe på ringeklokka. Therese og eg klarte å smyga oss mellom portane og Yngve klatra over. Jippi, vi klarte det! Audå, nok eit problem. Porten på brygga ut til båten var også låst og vi hadde ikkje nøkkel. Yngve fekk beskjed på kontoret då han sjekka inn at nøkkel var ikkje nødvendig. Ja-ha, kva gjer vi no då? Etter mykje dikkedering fram og tilbake fann vi ut at det gjekk an å fire seg ned på brygga under landgangen. Det var bare flaks at den og brygga låg slik i forhold til kvarandre. Så litt hell hadde vi da tross alt. Det var ein arg gjeng som gjekk til køys den kvelden. Synd at ein så artig og kjekk kveld skulle enda slik. Men neste dag kunne vi heldigvis le av heile greia.

Lørdag morgon, 27. jaunuar kasta vi med glede loss fra denne nedsota byen. Reingjeringa av båten var til inga nytte. Den var svartare då vi forlot hamna enn då vi kom. Vi trudde det kom av eit kull-lager like ved. Seinare fekk vi høyra at det var eit lager og utskipningsanlegg for eit anna giftig mineral. Godt vi slapp å ligge her i fleire dager.

Med god vind i segla fossa vi av gårde mot Mossel Bay. Pingvinar dukka stadig opp rundt båten. Dei kikka nygjerrig på oss, rista litt på svansen og dykka ned i djupet att. Ut på ettermiddagen hadde eg ei fantastisk oppleving på vakta mi. På babord side, ikkje så langt fra båten såg eg ein mørk stor finne. Det var litt rotete sjø, så eg var ikkje heilt sikker på om det virkelig var det eg såg. Men joda, der dukka den opp att. Bevegelsen var sakte så eg skjønte fort at det ikkje var delfin, men kval. Vannspruten frå pusten blåste som røyk bortover vannflata og det store dyret kom mot båten. Plutseleg, 50 meter fra båten, løfta den halen i veret. Wow, for eit syn! Og slik blei den ”ståande” i minst 5 minutter. Fantastisk!!

Vi brukte 28,5 timer på dei 192 Nm og ankom Mossel Bay i 13-tida. Her var det ikkje plass til oss i marinaen, så vi måtte fortøye utanfor ein fiskebåt. Vi blei tatt godt i mot av Marit. Og til vår glede hadde vi tatt igjen ikkje bare Petrell, men Pamina og Eagle Wing også. Vi blei invitert på grilling, der Petrell hadde ordna deilige burgere og fisk til oss. Tusen takk for ein herleg mottagelse.

Mossel Bay er ein koseleg småby. Eg følte meg heilt trygg med å rusle i gatene på dagtid. Vi brukte den eine dagen vi hadde her til å sjå oss litt rundt og gjekk på museet for å sjå ”Post office tree”. På 1500-talet hang aust og vestgåande skip frå seg post her og sjøfolk på veg heim tok med post fra treet. Ute i hagen låg skallen av ein stor kval. Det var mykje interesant å sjå på dette museet. Blant anna eit porselenmalt do, ein veltepetter, gammal tannlegestol (skrekk og gru) og ikkje minst kopien av skipet Bartholomeu Diaz brukte da han kom hit fra Portugal i 1488. Kopien blei bygd i Portugal og seilt til Mossel Bay i forbindelse med 500-årsjubileet for Diaz’ ankomst.

Sidan avreise er planlagt til allerede neste natt, blei det dessverre ikkje mykje tid til å utforske byen. Midt på natta var det vekking og ved 04.30-tida blei fortøyningane løyst. I ei rekke av 5 båtar, var vi først ut. Framfor oss hadde vi den mest spanande distansen. På vegen til Cape Town skal vi runde to kapp – Kapp Agulhas, Afrikas sørlegaste punkt, og Kapp det gode Håp – Sør Afrikas sørvestlegaste punkt og der Atlanterhavet møter det Indiske hav. Agulhas runda vi i om natta og fekk ikkje sett korleis der ser ut. Håpet fekk vi heldigvis sett i dagslys. Det kan vera ganske farefult å runde Håpet. Dagen før vi runda blåste det 40 knop her. Vi var heldige med veret og hadde to fine rundingar. Begge blei markert med akevitt-skål! Sjølvsagt Linje akevitt! Nesten heile dagen hadde vi følge av leikne sjøløver. Dei er utruleg morrosame. Spesielt når dei prøver å vera delfiner. Av dei 4 langturbåtane som la ut samtidig fra Mossel Bay, leda vi lenge. Men i mørket dei siste timane inn mot Cape Town, tok vetle Petrell innersvingen på store La Familia. Hm, for nokre frekkaser. Det fine var jo at dei sto på brygga og tok i mot trossene då vi kom glidane inn i marinaen kl 23. 42,5 timer brukte vi på dei siste 251Nm langs den frykta Sør Afrikanske kysten.

Første dagen i Cape Town gjekk med til innsjekk og å frakte båtane fra eine marinaen over til den andre, for så og flytte dei tilbake nokre timar seinare. Har vi fått endeleg plass no? Eller må vi flytte igjen om ein time? Snakk om å ha kontroll på logisikken! Eg svingte i gang pannekakerøra og inviterte Petrellane på lunsj. No skulle det feirast at vi var vel framme. Derfor var det no ingen grunn til å spara på godsakene lengre. Både heimelaga plommesyltetøy frå Os og sjokoladepålegg kom på bordet – hurra!

Store kjøpesentre mangler det ikkje på her i Sør Afrika. Saman med Therese og Petrell fann eg vegen til eit av dei – Canal Walk. Her er det over 400 butikker, kino, cafè’er, restauranter m.m. Det første Frode la merke til i rulletrappa på vei ned til riktig etasje, var ein stor is-bar. ”Der skal vi ha et stopp seinere” kom det bestemt fra han. Eg har møtt min overmann når det gjeld is-eting. Er det mulig?! At eg har bamsedilla er det ingen tvil om. Sjølvsagt klarte eg å forville meg bort til ein reol fylt med mjuke, deilige bamser i alle størrelser. Etter å ha knepe og kost med dei fleste, falt valget på ein mjuk og god hund – sjølvsagt! Så no har eg ein til i samlinga mi. Tilslutt utforska vi is-baren. Det var ikkje fritt for at vatnet fossa rundt i munnen. Hm, kva skal eg velge? Valget falt på ei kule med sjokoladeis med marsipan og ei kule med sjokoladeis. Å herlega London!! For ein fantastisk iskrem!!!! Alle sat rundt bordet og nøyt herligheten. Stillheten blei bare brutt av ”mmmmmmm”.

Luke på ”Eagle Wing” har ei tante, Gillian, som for tida bur her i byen. Lørdag, 03. februar, var Yngve og eg så heldige å få vera med dei på tur til Kapp gode Håp. Først køyrde vi til Olifantsbos. Her gjekk vi ein lang tur på stranda kor vi blant anna såg eit par skipsvrak. Når eg såg dei store, brusande bølgene som velta over revet, var det ikkje vanskeleg å forstå at det faktisk er vanskeleg å ferdast til sjøss i dette området. Ville dyr i sitt rette element som anitloper, strutser og landskilpadder var også å sjå. Skilpaddene var på størrelse med ein handball. Eg var ner ved å tråkke på ei lite babyskilpadde. Den var liten og søt. På størrelse med eit hønseegg. Videre gjekk turen til Kapp gode Håp. Etter ein kjapp lunsj, gjekk vi opp mot det gamle fyrtårnet og videre ut til Cape Point der det nye fyrtårnet står.

I 1860 blei det første fyrtårnet bygd, 238 moh. Det var ofte vanskeleg å sjå på grunn av regn og tåke, og mange skip gjekk framleis på grunn i området. Derfor blei det i 1913 satt i gang å bygge eit nytt, 87 moh. Dette nye fyrtårnet blei første gang tent ved solnedgang 11. mars 1919 og reknast for det kraftigaste langs heile Sør Afrikas kyst med ein rekkevidde på 63km.

På returen fra det nye tårnet tok Yngve og eg oss tid til å sjå nermare på det gamle tårnet. Då eg sto og tok bilder av Yngve med Kapp gode Håp i bakgrunnen, kom eit heilt 17.mai-tog med nordmenn durande. Då dei omsider skjøna at også vi var norske, gjekk praten lett. Dei fleste i denne gjengen var frå Sotra, og dei var svært intereressert i den spanande eventyrreisa vår. Verda er ikkje stor!!

Nede på parkeringsplassen krydde det med bavianer. Det står skilt og oppslag over alt om at ein ikkje må mate dei, eller ha noko mat synleg. På vegen tilbake mot bilen, blei ei dame som bar på eit fruktfat angripen. Ho var heldig og slapp med skrekken og eit par frukter mindre. Dei fekk, forståeleg nok, det veldig travelt med å kome seg inn i bilen.
På tilbakevegen til marinaen, stoppa vi i ”Animal City”. Dette er eit lite marked der dei sel hovdudsakleg dyr utforma i tre og stein. Men også andre suvenirer var å få kjøpt her. Det eg hadde aller mest lyst på, var ein giraff i tre. Dei som var å finne her var veldig fine hovud på, men kroppane var ikkje heilt bra. Eg vandra vidare langs borda og kom til han som lagar figurar i stein. Her var det mykje flott, både av dyr og kunstneriske skulpturar. Etter mykje fram og tilbake klarte Yngve og eg å prute til oss to flotte giraff-figurer i stein. Begge likte same figuren best. Tilbake i båten kasta vi mynt og krone om kven som skulle få den. No synest eg min er minst like fin…

Sidan Yngve er den einaste av oss som ikkje har vore i Cape Town tidlegare, har han ein del å utforske. Eg og Marit tok han med oss på søndagstur til Water Front for å sjå på livet der. Vi koste oss i sola medan vi såg på folk, rusla langs markedet, satt på cafè og før middag slo eg til med stor shopping. Det er ein stor butikk her med alt du kan tenke deg av kler og utstyr til friluftsliv. Denne butikken er eg blitt veldig glad i – hm! Enten du trur det eller ei, er det faktisk ganske kaldt her. Dei siste nettene på vegen hit var det skikkelig kaldt. Derfor var eg fast bestemt på å skaffe meg meir varme kler. Og slik blei det – fleece, fleece, fleece!

Therese skriver litt:
Marit og meg lurte fælt på hvor Haereroa var blitt av. Båten fra New Zealand som vi traff på Cocos Keeling. Vi kommer nok aldri til å glemme filmkvelder, deilige kaker og livlige diskusjoner. Jentene på marinakontoret letet igjennom alle papirer, ringte til og med til 2 andre marinaer lengre sør, men vi klarte ikke å spore dem opp. Vi var sikker på de allerede hadde forlatt Cape Town. Litt senere på dagen ropte jeg på Petrell på VHF’en. Der fikk jeg ingen svar, men derimot hørte jeg noe som lignet Haereroa. Var det mulig? Skulle jeg rope på dem? Jeg ropte, og fikk svar! Jovisst var Penny og Brian der fremdeles. Da ble det liv i leiren, de inviterte oss på middag i båten neste kveld, i marinaen i Water Front. Det ble et gledelig gjensyn, og vi hadde masse å snakke om. Vi fikk også treffe et av det nye mannskapet. Tessy som er fra New Zealand, fra samme sted som Brian og Penny. Ps. Tusen takk for deilige jordbær, bringebær og blåbær!

Hilde fortsetter:
Onsdag, 07. februar, troppa vi opp på Nelson Mandela Gateway og tok hurtigbåten over til Robben Island. Hovudatraksjonen på øya er fengselet der Nelson Mandela tilbrakte 18 av dei 27 åra han sat fengsla. Tidlegare blei øya nytta mellom anna som koloni for spedalske. Fengselet er no innreda som museum for frihetskampen mot apartheid. Tidlegare fanger fungera som guider. Før omvisninga i fengselet starta, blei vi køyrd rundt heile øya i ein gamal fangebuss.

Robben betyr ”sel”, men vi såg bare pingviner som luska under buskene over alt, på denne flate øya i Atlanterhavet 11 km fra Cape Town. Det er ein liten by med skule, kyrkje, butikk og sportsanlegg på øya. Her bur dei ansatte ved museet.

Fløyen der Nelson Mandela og andre ANC-ledere vart plassert etter livstidsdommene i 1964, står slik den var den gangen. Dei første åra blei dei behandla som landsforrædere og terrorister. Maten var dårleg, og arbeidstida i steinbruddet lang og hard. Cellene er om lag 2,5 x 2,5 meter. Mange hadde ikkje senger, men låg rett på gulvet på filtmatter og 4 pledd. Mandela fekk bare lov til å motta korte og sjeldne besøk, og sensuren omfatta alt, også brev. Først i 1980-åra blei det lempa litt på restriksjonane, og Mandela blei flytta til bedre omgivelsar i fengsler på fastlandet, før han endeleg blei løslatt i 1990, og i 1994 valgt til Sør Afrikas første svarte president. Fengselet romma ei tid over tusen kriminelle og politiske fanger. I steinbruddet ligg ein liten pyramide der alle fangane har lagt ned ein stein kvar. Alle dei politiske fangane førebudde seg heile tida på at ein dag skulle dei verta sett fri. Mandela starta i smug på manuset til boka ”Veien til friheten” i fengselet på Robben Island. Han klarte å få dette smugla ut av fengselet og det blei tatt vare på til han sjølv vart sett fri. Den dagen han fekk beskjed om at det var komen ein telefax og han no var ein fri mann, klarte han til tross for alle furebuingane ikkje absorbere budskapet. Han lurte veldig på kva dette ”fax” var for noko.
Same ettermiddag som vi var på Robben Island kom Mannini, som vi vart kjent med i Lesotho, på overnattingsbesøk til La Familia. Ho er ei søt, livsglad jente på 25 år og nygjerrig på livet i den store verden. For tida studerer ho film og media i Cape Town. Etter å ha fått sett bilder av Norge, drømmer ho no om å få mulighet til å lage ein dokumentar om landet vårt.

Ellers går dagar og kveldar med til sosialt samver saman med seglarvener og førebuingar til den store Atlanterhavs kryssinga. Mat og drikke er på plass i båten og vi venter no på eit godt vervindauga.

Yngve skriver om fjelltur og vintur:
Tysdag 6.februar var dagen eg hadde tenkt meg på Table Mountain. Eg var tidleg oppe, men skyene låg nedover fjellet. Kva skal eg gjere? Dei andre har vore på fjelltoppen før, tatt bana opp, og ville ikkje opp igjen. Så kom Marit og Frode. Dei skulle gå til fjelltoppen ”Lions head”, og eg vart med dei. Morgonen vart finare og finare, og varmare og varmare der vi gjekk oppover. På toppen av ”Lions head” 690moh hadde vi ein fin utsikt over Cape Town. Då vi kom ned frå fjellet ville Marit og Frode gå den lange vegen til sentrum. Men no var det fint ver og det var enno formiddag. Eg bestemte meg for å gå den bratte og lange vegen opp på Table montain, men fysrt måtte eg stappe i meg lunsj og mykje drikke. Vel ein og halv time brukte eg opp på fjellet, 1050moh. Tilsvarar Stolzekleiva i Bergen ganger 2,5 vil eg anta. På slutten av stigninga skalv eg godt i beina, og måtte stadig ta pauser. Men du verden for eit skue det var når eg kom opp. Like før toppen rakna den små ryggsekken frå Blodbanken i Bergen, flaks at den ikkje rakna før. Eg hadde ikkje så mykje pengar med meg, i tilfelle robbing, men eg unte meg ein øl på restaurangen, og den smakte godt. På vegen ned tok eg taubana til R60, og drosje tilbake til båten. No var det godt med ein god dusj og ein god middag.

Torsdag 8.februar tek eg farvell med Maninni om morgonen, for no står vinturgjengen og ventar. Eg har bestilt meg tur med den eksklusive ”Wine desk” til R545. Eit lite firma som tek små grupper med til litt ”upper class” vinturer.
Vi køyrde rundt i vakkert landskap og avla besøk på 5 vingårder. Dette var Neethlingshof, Dornier, Stellenzicht, Avontuur og Groot Constantia. På kvar vingård fekk vi ei kort fortalt historia til gården og vinlaginga, og selfølgelig vinsmaking. 5 forskjellinge vinar fekk vi smakt på hos kvar av vingårdane. Ein veldig bra tur med ein dyktig guide.



Hilsen La Familia



Denne artikkelen kommer fra La Familia
http://www.lafamilia.nu/

Adresse til denne artikkelen er:
http://www.lafamilia.nu/modules.php?op=modload&name=News&file=article&sid=95