La Familia

Endelig kom vi oss til sambalandet Brasil, 3 år seinare enn planlagt

Artikler / Generelt
Dato: Mai 05, 2007 - 05:28 PM
19. mars ankom vi Fortaleza i Brasil. 3 år etter opprinneleg plan. Våre seglvenner siste året valgte andre ruter etter St.Helena, så no er vi åleine her. Blir det sambadansing på oss? Kva er ein Caipirinha?

Havnesjefen, store og tjukke Hernando, ynskjer oss velkommen til Marina Park Hotel og tek imot trossene. Vi er tilbake i varmen og som gjest i marinaen, kan vi fritt få bruke lusksus hotellets fasilitetar som symjebassenget og trålaust internett i båten. Yngve tek drosje til Immigrasjons-, karantene-, Toll-, og til slutt Havnekapteinkontoret, og så er vi sjekka inn i landet. Sjølv med lite portugisisk, gjekk det greitt. No er det tid til late dagar ved bassenget og inntak av den lokale drinken, Caipirinha. Den består av rom, isbitar, skvisa lime og sukker. Kjempegod drink i varmen.

Då vi ankom Fortaleza var det nymåne. Dvs at 1-2 dager etter, er då tidevannsforskjellen er størst. Vi hadde 4m sjø under oss då vi ankom og tenkte at dette var bra. Men med ein forskjell på 2,8m på flo og fjære stod vi på grunn ved fjære. To ganger i døgnet dei to første dagane stod kjølen ca 30cm ned i gjørma. Sidan det ikkje var steinar og fjell på botn, bare sand og mjuk gjørme, gjekk det fint. Litt ubehageleg var det allikevel.

Hernando fortalte oss at det hadde vert ein annan norsk båt her som reiste like før vi ankom. Dette viste seg å vere Blaatur. Vi fekk kontakt med dei via internett og Therese og Hilde bestemte seg for å ta bussen til Jericoacoara, for å besøke Blaatur-gutta, Tom Georg og Morten.

T&H skriver:
Bussturen fra Fortaleza til Jericoacoara, populært kalt Jeri, tar ca 6 timer. Heldigvis var det ein fin langdistansebuss med gode seter og kjærlighetsfilm på DVD. Etter ca 5 timer måtte vi bytte over til ein spesialbygd fargerik buss – ein lastebil med seterader på lasteplanet. Siste timen gjekk over sanddyner og lange hvite sandstrender før vi ankom fiskarlandsbyen Jeri. Det var ikkje fritt for at vi var spente på om Blaaturdamen fremdeles låg for anker. Joda, der låg hun og rullet så fint på bølgene, men kvar er mannskapet? Jolla var fortøyd til båten, så dei er ombord. Vet de ikkje at vi kommer? Korleis skal vi få kontakt med dei? Mens vi grubla på det, fann vi oss en fin liten posada (gjesthus) der vi sjekka inn. Då vi kom ned att på stranda for å sjå etter Blaatur, kom gutta i land. Det blei eit gledelig gjensyn etter nesten to år sidan sist. Sidan dei har tidspress, fekk vi kun ein kveld saman. Det blei, som så mange ganger før, ein livlig kveld. Vi hadde masse å snakke om, over forfriskende caipirinhas, madagaskar-rom med vaniljesmak, og dansing på disco’en der vi hadde heile lokalet for oss sjølv. Timene gikk så alt for fort, og etter en god lunch neste dag måtte vi ta farvel. Vi gleder oss veldig til å gjenforenes i Norge, kanskje allerede ved Blaaturs hjemkomst 15. september?

Det ble en rolig kveld på oss med digg og brus på posadaen. Dagen etter bestemte vi oss for å ta dagbussen istede for nattbussen tilbake til Fortaleza. Men vi fikk tid til å spise en gedigen bursdagskake før avreise. Det var en saftig sjokoladekake, med cappuccino til. Vann i munnen!

Yngve fortsetter:
Eg vart igjen i båten. Via internett fekk eg kontakt med Brasils einaste Raymarine forhandlar som er i Sao Paulo. Dei hadde ein autopilot av rette typen til La Familia på lager, og etter nokre rundar i diverse bankar, fekk eg overført pengar, ca 8000 kroner. Dagen etter fekk eg ein pakke ifrå Raymarine levert på hotellet. Vi hadde høyrt at det var umuleg å få tak i deler i Brasil, men der stod eg altså med ein splitta ny autopilot. Den vart installert og testa. (Same autopilot fekk vi tilbod om til nesten 2000 kroner mindre i Sør Afrika, men sjitt au)

Dei andre dagane eg var åleine, traska eg rundt på eigenhånd i storbyen Fortaleza, og var på ein organisert omvisningstur (sightseeing) med buss rundt i byen. Mykje fattigdom men også ein del rike folk. Ofte er det fine hus vegg i vegg med slummen. Det er fristande å kjøpe mykje her, sidan det er så billeg, men det skal jo også fraktast heim, så det blei ikkje så mykje handling. Greit å sitje på ein gate kafè og ete middag til 15 kroner og ein 0,6l øl til 6 kroner og sjå på Brasiljentene.

Om kvelden laurdag 24. mars kom jentene tilbake til Fortaleza. Dette var Hilde sin 36-års bursdag. Kake hadde dei ete tidlegare på dagen, men no var da tid for gode drinkar i baren ved bassenget. Ben frå Australia menger seg også med oss. Han jobbar som skippar på ein stor privat amerikansk luksus motorbåt. Tilbake i La Familia er det tid for madagaskar rom og speling. Therese og Ben på gitarer, og eg på digeridoo. Ben vart veldig imponert over at eg fekk meir lyd i den australske digeridooen, enn han sjølv.

Måndags kveld tek vi turen til utestedet, Pirata. Her er det pirat-kulisser, lokal forró musikk, underholding og dansing. Så det vart ikkje samba dansing på oss sidan her er det forró rytmer. Samba er mest populær lenger sør som i Rio. Kvelden blir avslutta med gitarspeling og song om bord i La Familia saman med australske Ben og Anton (som jobbar på same båt som Ben).

Kvelden etter satte vi oss på ein nattbuss sørover. Tidleg neste morgon var vi i Natal, i eit voldsomt regnver. Vi fant ein ny, mindre og eldre buss, og etter 1,5 time med humping var vi i Tabatinga, da skinte heldigvis sola og vi gjekk dei siste 2 km. Her vart vi tatt vel imot av Olav Ingebrigtsen og Øystein Spord. Begge tidlegare arbeidskolegaer av oss. Dei har kjøpt seg kvar si ny leilegheit i det nye bolegkomplekset ”Tabatinga Beach Resort”, og held på å flytte inn. Olav visste at vi skulle komme og hadde kjøpt nye sengar som vi fekk innvie. Dei som har kjøpt leilegheiter i dette komplekset er nesten bare vestlendingar, forutan ein ”bortkommen” svenske, ein trønderbart, ein nordlending og 2 austlendingar. 3 av eigarane er frå Atløy i Sunnfjord. Fleire andre store boligkompleks er under bygging. Så dette blir nok snart ein liten ”norsk by”, der du møter sambygdingar utanfor Norges grenser. Flott og varmt er det no ihvertfall her med ganske stabil temperatur året rundt. Snart får en vel kjøpt Se&Hør og kaviar på lokalbutikken…

To dagar seinare, reiste jentene tilbake til La Familia. Eg vart igjen med gutta nokre dagar til. Ein dag var vi med den norske gjengen på organisert ”beach boogi” tur. En beach boogie er en åpen bil som kommer seg lett frem både på vei og sand. Vi vart plukka opp om morgonen, køyrde til Natal og vidare ut på sandstrendene. Opp og ned, piruettar i sanden, over elvar, før vi stoppa ved ein bar i elvekanten der vi kunne nyte diverse rum-fruktpuncher og andre drinkar. I løpet av turen tok vi ferjer utan motor. Bilen køyrde raskt inn på ferja og bråbremsa slik at ferja losna frå land, og ferjemanne kunne stake oss over til den andre sida. På ei av dei mange strendene var tid for bading for å få avkjølt oss litt. Like før det vart mørkt var vi tilbake i Tabatinga. Ein kjekk tur som anbefalast folk i alle alder.

Alle kom seg vel tilbake til båten og oppholdet i Brasil nærmar seg slutten. Medan jentene er på ein siste stressa handletur, tek eg turen innom diverse kontorer for å sjekke ut av landet. Drosjesjåføren skjønar ikkje heilt kvar eg skal, men etter diverse misforståingar og feilkøyringar, er alt i orden. Etter at dette er ordna og båten er fylt opp med drikke og mat igjen, bestemmer vi oss for å bli ein dag til for å lade opp til neste etappe. Den dagen koste vi oss i bassenget, og åt ein god pizza.

På puben ved marinaen, møtte vi på åleineseglaren Graham Dalton. Sjå på heimesida hans http://www.grahamdalton.com eller http://www.velux5oceans.com Han seglar med ein spesialbygd konkuranse båt på 50ft i konkuransen jorda rundt for åleineseglarar. Oppholdet hans her skulle bli ganske kostbart. Han ankra opp utanfor marinaen for å fikse noko om bord. Lokale repratører var om bord og prøvde å fikse dette. Like før han skulle reise vidare, hjelpte Graham ein annan båt med ankringa. Då han kom tilbake i båten sin, var mykje av elekrtronikken om bord, som to datamaskiner med spesielle programmer, stjålet. Hendelsen vart rapport til politiet, som ikkje fant ut kvar det tok vegen. Dagen etter var det stor fjære, og kjølen på båten tok ned i botn i bølgene. Dette resulterte i at blyklumpen på den lange kjølen (over 4m) losna, og sank ned i leirbotn. Dykkarar var ute og lette utan resultat. No må det lagast ny blyklump for kjølen.
Onsdag 4.april hjelpte Graham oss med trossene og vi tok opp ankeret. Like etter tok også han opp ankeret. Ca US$ 50.000 hadde oppholdet i Brasil kosta han. Mens vi dulla med skrubbing av ankerkjetting og trosser , fossa han forbi oss på veg nordover. Siste nytt er at han fekk fleire problemer nordover og er ute av konkuransen. Men han vil allikevel segle båten til målstreken i Spania.

Vi setter segl igjen
Igjen var alle kanner og tankar fylt opp med vatn og diesel. I tilfelle eit bredt stillebelte, skulle vi ha diesel nok til minst 4 dagars motor køyring.
Vinden kom like utanfor Fortaleza så Volvo’en fekk kvile. Ein flokk delfiner ønsket oss god tur der vi passerte ojleplattformer, lasteskip og lokale små fiskebåtar på veg ut frå Brasil.

Vi har stort sett segla med vinden bakfrå i det siste, men no fekk vi vinden frå sida og på skrått forfra. Noko uvant for oss, men det var kjekt å segle på slør og kryss igjen. Det vart mindre rulling, men ein del stamping i motsjø og til tider stor sjø. Dette gjorde at eg flytta sengetøyet mitt ifrå forpiggen og inn i salongen. Vindstyringa, Nemo, kosar seg med vinden på skarp slør. Då kan vi vanlegvis lese bøker, men sidan det blir mykje sjøsprøyt over båten, kan vi ikkje gjere dette utandørs, og inne er det veldig varmt.

Påskeaften, 7.april kl 02:15, etter to år på den sørlege halvkule, kryssa vi ekvator. Dei som ikkje er på vakt (eg og Hilde) blir vekte for ein akevittskål og ofring til kong Neptun. Seinare på dagen blir begiveheita feira med pannekaker, bacon og blåbærsyltetøy til middag.

Området med stillebeltet var heldigvis smalt der vi var, og vi passerte det etter bare 2 ganger 6t med motor. Nokre store regnbyger fekk vi også, og Hilde var raskt igang med å vaske håret i den eine regnbyga.

Vi nærmar oss jorda rundt
10.april 2003 ankom vi Fransk Gyana etter 10 dagars segling frå Trinidad. Der bestemte vi oss for å snu og å segle gjennom Panamakanalen. 10.april 2007, passerer vi Fransk Gyana igjen. No er vi bare 70Nm aust av vårt eige kjølvatn.

13.april. Vinden begynner å snu til aust, dvs rom slør. Dette betyr mindre sjøsprøyt og meire kos å sitte ute. Ein wahoo biter på kroken, og vi får den ombord. Vår første wahoo, og du verden så god den var. Ein av mine favoritt fiskar, både til å fiske og som mat.

Sundag 15.april. Vinden er no ifrå søraust, dvs nesten bakfrå, og vi nærmar oss karibien. Siste natta passerer vi nord av Tobago og om morgonen kan vi skimte land. Vi får kontakt med Petrell på VHF’en, som skal være klare til ankomstfeiring. Vi er igang med rydding og reingjøring av båten, då det biter på kroken. Dette må være ein stor fisk. Eg kosar meg, der eg jobbar med å få trekt den inn, og etter ei stund er fisken om bord og den får smake på madagaskar rum’en. Dette er nok ein wahoo, og denne strekker seg til 100cm.

Ein time seinare har vi funnet Petrell og ankeret er vel plassert på botnen i vakre Tobago Cays. 11dagar og 4 timar har vi brukt på å segle 1709Nm ifrå Fortaleza. Dette gir oss ein fart på 6,4knop i snitt og har vore ein god og kjekk overfart. Vi hadde medstraum stort sett heile tida, alt frå 0,5 – 3 knop.

Ikkje lenge etter ankomst, kjem Petrellane på besøk. No er det tid for sjampanje og pannekaker.

Korleis det gjekk vidare i Karibien, får du lese om i neste innlegg.

Helsing
La Familia

PS. På veg frå St.Helena til Brasil, opplevde vi total måneformørkelse frå ein skyfri himmel. Det var eit fantastisk skue når månen var kobberrød.



Denne artikkelen kommer fra La Familia
http://www.lafamilia.nu/

Adresse til denne artikkelen er:
http://www.lafamilia.nu/modules.php?op=modload&name=News&file=article&sid=97